Fotball damer – kampreferat
2012-06-10 • 2012 • Serie
Kamp-ID 221
Brattvåg
Bergsøy
3–2
⚽ Mål
⚽ —1-1
⚽ —3-2
📝 Referat
Bergsøy-damene 2-3 mot Brattvåg

Bergsøy sine fotballdamer gjekk på eit knepent 3-2 i søndagens kamp mot Brattvåg på Brattvåg si nye kunstgrasbane. Ved pause leia heimelaget 3-1. Bergsøy kom skeivt ut frå start då Brattvåg allereie i det fjerde minutt tok leiinga på sin første sjanse i kampen etter mislydingar i Bergsøy-forsvaret. Men Bergsøy kom fort til hektene, og like etter var det klart for 1-1. Elise Romestrand mottok eit presist framspel medan ho var på løp, og sette ballen kontrollert til side for Brattvåg-keeperen. Brattvåg utnytta at dei hadde vinden i ryggen, og midtvegs i omgangen scora dei to kjappe mål. Det første kom etter eit framspel, og det andre kom etter frispark. Dermed stod det 3-1 til pause.

I andre omgang var det Bergsøy som hadde vinden i ryggen, og sette inn eit konstant press mot heimelaget. Martine Slettestøl vart flytta fram som venstre kant, samstundes som Emilie Pauline M. Rødseth kom inn som midtspiss. Det viste seg å vere eit godt trekk, og BIL pressa Brattvåg langt bakover på bana som fylgje av god jobbing over heile linja. Dette skulle gi resultat, og i det 73. minutt var det klart for redusering til 2-3. Martine Slettestøl sende av garde eit langskot, som Brattvåg sin keeper var uheldig å fumle i eige nett. Dette gav naturleg ytterlegare inspirasjon til BIL-jentene, men trass i markant overtak det siste kvarteret lukkast dei ikkje å score, og dermed enda kampen med 3-2 siger til heimelaget. Eit surt tap for Bergsøy-jentene som etter sin sterke andre omgang hadde fortent å få med seg minst eitt poeng.

No har Bergsøy-damene innvilga seg to veker ferie, før ein startar oppkøyring til Norway Cup og haustsesongen, og første kamp i haustsesongen er nettopp mot Brattvåg. Og kjenner vi laget rett, er dei svært innstilte på å revansjere søndagens tap. Bergsøy mangla denne kampen sentrale spelarar som Runa Frantsen og Lovise Frøystadvåg på grunn av skade.

Bergsøy stilte følgjande tropp: Ingvil Auflem Vik, Trude Vattøy, Silje Beddari, Hanne Ingebrigtsen, Kristina Ramstad, Malin Vollen, Helena Skorpen Jøsok, Emilie Gjerde Frøystad, Marthe Madsen, Elise Romestrand, Martine Slettestøl, Emilie Pauline Rødseth, Maria Bendal, Veronica Madsen og Dagny Beate Vattøy.
Info
Sesong
2012
Turnering
Serie
Bane
Brattvåg kunstgras
Lagoppstilling