Fotball damer – kampreferat
2012-09-16 • 2012 • Serie
Kamp-ID 225
Bergsøy
Volda2
3–1
⚽ Mål
⚽ 7'1-0
⚽ 30'2-0
⚽ —
📝 Referat
Etter det skuffande 7-2 tapet mot Spjelkavik i siste serierunde kom Bergsøy sitt damelag sterkt igjen i kampen mot Volda2 på Havila stadion Fosnavåg sist søndag og vann fortent 3-1.

Eit topptent BIL-lag tok kommandoen frå start i regnbygene med kuling i kasta, og allereie etter sju minutt var heimelaget i føringa. Lovise Frøystadvåg spelte fri Malin Vollen på sida, og det knallharde skotet måtte Volda-keeperen gi retur på, og Marina Boikova var påpasseleg framme og sette ballen i mål. Bergsøy-jentene fortsette med flott angrepsspel, og særleg var kantane Elise Romestrand og Malin Vollen flinke å komme rundt på kantane og slå innlegg. Etter ein halvtime var det klart for 2-0 leiing til heimelaget. Elise Romestrand raida fint inne i Volda-feltet, og vart klipt ned. Klart straffespark som kaptein Lovise Frøystadvåg sette kontant i nettet. Dermed kunne Bergsøy gå til pause med ei velfortent 2-0 leiing.

Den svenske trenaren Raymond Rachid var godt nøgd med gjennomføringa av første omgang, men gav klar beskjed til jentene om at dei ikkje måtte bli for «nonchalante» i andre omgang. Volda hadde tydeleg bestemt seg for ikkje å gi seg og tilreiv seg ei periode eit lite overtak. Men BIL spelte fornuftig defensivt, og istaden for redusering for voldingane, gav Silje Beddari heimelaget 3-0 leiing på eit velplassert skot. Martine Slettestøl var like etter nær ved å auke til 4-0 på eit frispark som gjekk via tverrliggaren og over. I kampens siste minutt lukkast det imidlertid Volda å redusere til 1-3, då dei utnytta ei mistyding i BIL-forsvaret.

Dermed enda kampen med ein fortent 3-1 siger til heimelaget. God laginnsats av Bergsøy, med ei ekstra verbal rose til kapteinen Lovise Frøystadvåg, som også vart kåra til «Dagens Bil-spelar».
Info
Sesong
2012
Turnering
Serie
Bane
Havila Stadion
Lagoppstilling