Kampreferat
1984-05-20 • Serie – runde 5 • Kampnr 522
Bergsøy
Fyllingen
1-2
15'
0-1 Thomas Wedervang (15)
1-1 Rolv Bakke (24)
24'
87'
1-2 Inge Ludviksen (87)
Referat
Bergsøy er for fullt i nedrykksstriden etter nok eit tap, og har no to poeng på fem kampar og målforskjell på 5-12. No skal det seiast at det blei ein dårlig start på kampen for Bergsøy sin del idet både Kjetil Goksøyr og Lars Ove Almestad måtte kaste inn handkledet før kampen blei satt igang. Som nye spelarar valgte trenaren å sette inn Kurt Magne Berge og Fred Frantzen.

Første store sjanse i kampen skapte Henning Solem som fekk bra dreis på eit skot som Fyllingen sin keeper fekk problemer med å håndtere. Men direkte etterpå går Fyllingen i angrep, og ballen går frem til ein spelar som umarkert fekk fri vei mot Jarl Remøy i Bergsøyburet. Det første forsøket avverger Remøy, men han er sjanselaus på returen som Thomas Wedervang satte inn.

Etter 24 minutter er det klart for 1-1. Angrepet starte med Frode Wilhelmsen som slo inn foran mål, og ballen havna hos Rolv Bakke som frå 16 meter fekk god dreis på skotet. Ballen dala i ein fin boge bak keeperen og i mål.

Etter pausen kom Bergsøy sin største sjanse etter 50 minutters spel idet Trond Paulsen vrei seg rundt på hjørnet og skaut hardt til side for mål. Fyllingen var nære like etterpå på eit skot som Jarl mesterlig slo til corner. Deretter var Fred Frantzen nære idet ein lang ball spratt over keeper, men Fred rakk ikkje ballen før keeperen rakk å komme tilbake.

Tre minutt før full tid ble kampen avgjort, i en kamp der Bergsøy burde fått poeng. Eit innkast blei stussa vidare til Inge Ludviksen som fekk nok tid til å dunke ballen imål. Ei perle av ei scoring, men også dårlig markering.

Bergsøy sin beste spelar var 17 åringen Jarl Remøy som blir sikrare for kvar kamp. Nokre av redningane smakte det "fugl" av.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
0
0%
Uavgjort
0
0%
Tap
1
100%
Mål
1–2
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 1. kampen mot Fyllingen.
  • 📈
    4. tapet denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Rolv Bakke (1 mål)
    Fyllingen: Inge Ludviksen (1 mål).
  • 🏅
    Banens beste: Jarl Remøy.
Form siste 5 totalt
0–5
T
Ålesund
1984-04-29
1–2
T
Sandviken
1984-05-06
0–2
T
Langevåg
1984-05-13
3–1
S
Hareid
1984-05-16
1–2
T
Fyllingen
1984-05-20
Form siste 5 vs Fyllingen
1–2
T
Fyllingen
1984-05-20
Laget
Registrerte spelarar. Start: 10 · Innbyttarar: 2
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
📍
Huldalen
👨‍⚖️
Lars Kåre Rogne
👥
400
🔗
Banens beste
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar