Kampreferat
2021-09-03 • Serie – runde 4 • Kampnr 1382
Langevåg
Bergsøy
0-2
3'
0-1 Pijus Marcinkevicius (3) Assist: Franjo Tepuric Skudd
50'
0-2 Magnus Myklebust (50)
🟨 Daniel Sandvik
Referat
Bergsøytrenar Frank Sverre Skorpen var ganske fornøgd etter kampen borte mot langevåg, ein kamp som historisk sett har vore vanskelig for Bergsøy gjennom tidene. Bergsøy har berre vunnet borte mot Langevåg 3 gangar på 23 forsøk før denne kampen, og sist siger kom for 17 år sidan i 2004. Den gang vann Bergsøy på eit fantastisk brassespark av Anders Vaagen i sin siste kamp før han dro til Hødd. I årets kamp var det to andre målscorarar, begge med litt fortid i Hødd, Pijus Marcinkevicius og Magnus Myklebust som ordna sigeren.

-"Dette var ein nesten perfekt bortekamp. Langevåg har berre ein sjanse i løpet av 90 minutt, og det var eit skot frå 40 meter som gjekk i tverrleggjaren. I dag stod gutane opp, og dette var ikkje nokon enkeltinnsats – det var laget som kjempa saman."
(Frank Sverre Skorpen til Vestlandsnytt)

Kort sagt har oppgjøret historisk gitt 70% sjanse for Langevågsiger. 17% sjanse for Uavgjort og 13% sjanse for Bergsøysiger. Men historie er ikkje alt. Og allereie etter 3 minutt hadde Bergsøy starta å skrive ny historie. 1-0 målet var noko laget har trent på, og det er godt og flott når det lykkast. Franjo Tepuric som spelte spiss sist kamp var tilbake på topp igjen denne kampen, og la oppspelet fint tilbake til Pijus som satte den sikkert imål. Det var ein pangstart for Bergsøy der laget hadde god kontroll første 10 minutta.
Langevåg hadde endel av banespelet etter dette, men det vart ikkje så farlig. Noko som skulle få litt meir betydning for endra kampbilde var at Kristoffer Dalstrøm måte ut med en kakk etter 15 minutt, og inn kom Daniel Sandvik og storspelte resten av kampen. Faktisk blir han rekna å være dagens beste Bergsøyspelar, og det er ein sterk prestasjon som innbyttar.

Etter 19 minutt var Langevåg nære etter eit skudd i tverrlegger, men Bergsøy var med på notane og etter eit flott raid av magnus Myklebust etter 25 minutt var det berre keeperens boksehanskar som avverga ny Bergsøyscoring. Bergsøy spelte ganske godt og følte seg snytt for ei scoring av Nils Erik Engen også rett før pause. Eit langt frispark frå 25 meter gikk rett imål, men blei annulert. Siste minutta før pause var Bergsøy nære scoring fleire gongar, først ved Sondre Olsen som skaut like utanfor og seinare ved magnus Myklebust på ei t brassespark som var nærme.

Etter pausen var laget rett og slett bunnsolide, og spelte disiplinert. Idet Magnus Myklebust setter inn 2-0 etter 50 minutt fra skrått hold fekk laget ei god tomålaledelse som dei beholdt kampen heilt ut.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
20
38,5%
Uavgjort
8
15,4%
Tap
24
46,2%
Mål
97–128
scoret–sluppe inn
Informasjon
Form siste 5 totalt
3–0
S
Hødd2
2019-10-25
2–0
S
Valder
2021-08-13
0–1
T
Rollon
2021-08-20
3–0
S
Emblem
2021-08-27
2–0
S
Langevåg
2021-09-03
Form siste 5 vs Langevåg
2–1
S
Langevåg
2006-08-11
5–4
S
Langevåg
2017-03-24
7–0
S
Langevåg
2017-05-12
2–3
T
Langevåg
2017-09-01
2–0
S
Langevåg
2021-09-03
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 5
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
📍
Langevåg Kunstgress
👨‍⚖️
Kristoffer Nevstad
👥
🔗
Banens beste
Kaptein
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar