Kampreferat
Bergsøy

Norborg/Brattvåg2
1-1
21'
⚽
0-1 Eirik Vågnes (21)
47'
🟨
Anders Toven
1-1 Sjølvmål (53)
⚽
53'
83'
🟨
Jesper Thomas Vos
89'
🟨
Tobias Remme Jensen
Referat
Forhåndsomtale
Norborg blei einige med Brattvåg i 2017 om eit samarbeid - og laget fekk namnet Norborg/Brattvåg2 frå 2018. Historikk.com ser på dette som ei vidareutvikling av klubben Norborg, og følgande statistikk er dermed basert på Bergsøy sine seriekampar mot Norborg.
Bergsøy sitt første seriemøte mot Norborg kom 19.april 2007 på ei lita grusbane i Norborg, og blei spelt med sørgeband som følge av den tragiske Bourbon Dolphin ulykka. Det var spissen Frank Sverre Skorpen som heada inn det første målet mellom klubbane, før Anders Hoff dunka inn 2-0 og Daniel Hatløy økte til 3-0. Heimelaget reduserte to gongar, men Bergsøy heldt ut til siger.
Klubbane har møttest totalt til 13 seriekampar. Bergsøy har med sine 12 sigrar og 1 tap ein imponerande 92% vinnarstatistikk mot dei oransje draktene, og Bergsøy har stått for 76% av scoringane. Bergsøy har med andre ord hatt eit skikkeleg historisk stålgrep på Norborg, med unntak av bortekampen i 2008 som ende med 0-2 tap.
Det er ikkje det at Norborg har vore sjanselause mot Bergsøy, for i dei seks første møta scora Norborg 2 mål i kvar kamp. Problemet til Norborg berre vore at Bergsøy har scora fleire, nokre gongar mange fleire. Heile tre gongar har Bergsøy prestert å score 8 mål, deriblant sist laga møttest i 2021 på Uggedal kunstgras - der Nils Erik Engen satte inn 4 av dei og Bendik Frøysa scora sitt første A-lagsmål. I 2017 var det Martin Røren som scora hattrick i 8-0 kampen, ei fin økt som den gang blei spelt med sørgeband til minne om supersupporter Ludvik “Lulle” Hansen.
Mest mål totalt mot Norborg er det Frank Skorpen som har med sine 9 fulltreffarar.
Statistikk:
Heime: 6 kampar – 6 sigrar – 35-8 i målforskjell
Borte: 7 kampar – 6 sigrar/1 tap – 24-11 i målforskjell
Totalt: 13 kampar – 12 sigrar/1 tap 59-19 i målforskjell.
Kampen
Da var det endelig sesongstart på det som vi håpar blir ein fullverdig sesong igjen etter at 2020-sesongen blei korona-kansellert og 2021 sesongen blei ein halv sesong på 11 kampar. Norborg/Brattvåg2 på heimebane var kanskje ikkje det verste en kunne få å starte med, men samarbeidslag er vanskelig å berekne iogmed ein aldri veit kva spelarar dei stiller med.
Og tilslutt skulle det vise seg at Norborg for første gang kunne reise frå Fosnavåg med poeng i ryggsekken, tiltross for at Bergsøy hadde nok av sjansar til å behalde alle poenga. To gangar hadde Bergsøyspiss Franjo Tepuric ballen i tverrleggaren, og det var faktisk bortelaget som måtte score sjølvmål før Bergsøy kunne innkassere eit poeng tilslutt.
Bortelaget hadde lagt planen med å legge seg nokså godt og kompakt i forsvar, og berre ein gong før pause lukta Bergsøy på målscoring den gang ved Magnus Myklebust. Da var det enklare for Norborg/Brattvåg2 å sette inn 1-0 etter ei 20 minutt, etter at dei fekk alt for enkel vei mot mål.
Etter pause økte Bergsøy trykket mot motstandaren, og ROald Runde var førstemann som gjorde at keeperen måtte strekke seg for å slå ein ball til corner. Det var den corneren som gjorde at utlikninga kom, då Norbogr/Brattvåg2 sin spelar Tobias Jensen nikka ballen inn i eige nett.
Bergsøy arbeidde vidare for å få sigersmålet, men kom ikkje nærmare enn Franjo Tepuric sine to tverrleggarskot. Dermed blei det ein viss skuffelse for heimelaget som hadde håpt å få med seg tre poeng frå ein kamp dei dominerte banespelet i. Trenar Lars Petter Rønnestad innrømmer at laget ikkje er gode nok til å spele seg gjennom lag som ligg i forsvar.-

Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
1
50%
Uavgjort
1
50%
Tap
0
0%
Mål
9–1
scoret–sluppe inn
Informasjon
-
Dette er 2. kampen mot Norborg/Brattvåg2.
-
2. uavgjorten denne sesongen.
-
Mestscorande i desse oppgjera:
Bergsøy: Nils Erik Engen (4 mål)
Norborg/Brattvåg2: Eirik Vågnes (1 mål). -
Kaptein: Pijus Marcinkevicius.
Form siste 5 totalt
3–0
S
Hareid
2021-10-15
0–0
U
Herd
2021-10-22
4–1
S
Sif/Hessa
2022-03-18
1–1
U
Dahle
2022-04-02
1–1
U
Norborg/Brattvåg2
2022-04-22
Form siste 5 vs Norborg/Brattvåg2
8–0
S
Norborg/Brattvåg2
2021-10-01
1–1
U
Norborg/Brattvåg2
2022-04-22
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11
· Innbyttarar: 2
Innbyttarar
Info
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
-
Pedro Moreno
-
Fredrik Roald Høili
-
Trym Rekkedal
-
Dani Rønnestad Hansen
-
Fredrik Muren
-
Nils Erik Engen
-
Pijus Marcinkevicius
-
Magnus Waade Myklebust
-
Bendik Frøysa
-
Roald Andreas Runde
-
Aleksander Rekdal
Bergsøy – innbyttarar