Kampreferat
Norborg/Brattvåg2

Bergsøy
1-2
1-0 Magnus Otterlei (16)
⚽
16'
62'
⚽
1-1 Junior Tombini (62)
72'
⚽
1-2 Trym Rekkedal (72)
Anders Toven
🟨
Martin Koch
🟨
Noah Klokk
🟨
Referat
Det vart langt meir krevjande enn tabellen tilsa borte mot Norborg/Brattvåg 2, men Bergsøy drog til slutt i land ein viktig 2–1-siger på Uggedal stadion. Dermed held herøyværingane fram å hengje på i toppen saman med Ørsta og Herd.
– Det var ein litt vanskeleg dag for oss, med skadar og mange ute. Seks som vanlegvis startar mangla. Samstundes var dei forsterka, mellom anna med Magnus Seth, som har scora 16 mål for NTNUI i Trondheim i år, fortel Bergsøy-trenar Lars-Petter Rønnestad på telefon etter kampen.
Bergsøy måtte klare seg utan toppscorar Enrique Crespo Søvik, som stod over med strekkskaden han pådrog seg sist. Rønnestad var usikker på om spissen ville vere tilbake før sommaren. Og det stoppa ikkje der: både Magnus Myklebust, Daniel Jøsok Kvalsvik og Glenn Are Elveseter var ute av ulike årsaker, i tillegg til at også Fredrik Muren mangla.
Naudløysinga på topp vart derfor ei ny signering – men ein gamal kjenning.
– Vi signerte Thomas Skar tysdag. Han har scora ein del for NTNUI i Ålesund, og gjekk rett inn på laget som spiss. Også Sander Bøe og Anatolii Bieshliaha gjekk rett inn på laget, sjølv om dei spela full kamp i 5. divisjon i går. Det var eigentleg ikkje planen at dei skulle starte, men dei løyser det godt begge to, seier Rønnestad.
Sjanse på sjanse – men inga utteljing
Trass i redusert mannskap var det Bergsøy som styrte mykje av kampen. Problemet var berre at dei ikkje fekk det forløsande første målet.
– Vi fekk «aldri» hol på byllen. Det vart ein liten maraton. På ein normal dag hadde vi vunne med fleire mål, meiner trenaren.
Han tek oss med inn i kampbiletet:
– Vi legg press på dei innleiingsvis og produserer sjanse på sjanse. Men går dei ikkje over eller utafor, går dei i stolpen. Så får Norborg ei scoring. Dei tok eit kast hurtig – kanskje vi trudde det var vårt? Vi blei i alle fall tatt litt på senga og dei kom seg inn bakom forsvaret. Eg trur dei hadde to sjansar i heile kampen.
Det var spelt 16 minutt då Magnus Otterlei sende heimelaget opp i 1–0. Det resultatet stod seg til pause – frustrerande for Bergsøy, som hadde mest og best.
– Vi hadde ein god pauseprat. Andre omgang heldt fram i same sporet, fortel Rønnestad.
Straffe og dødball – snudde kampen
Utløysinga kom først etter 62 minutt. Då vart Roald Runde felt inne i feltet, og Bergsøy fekk straffespark. Junior Alexander Roman Tombini var sikker.
– Junior set den klink i hjørnet, og det var hans første seriemål for Bergsøy, seier trenaren.
Bergsøy pressa vidare, og ti minutt seinare sat endeleg det som skulle bli vinnarmålet. Etter det som nærmast var ein corner-maraton gjennom kampen, var det Trym Rekkedal som fekk stanga inn 2–1.
– Vi hadde sikkert hatt tjue cornerar før den sat. Junior la den flott inn – han er god på dødball, skryt Rønnestad.
Trenaren rapporterer om sju–åtte store sjansar totalt i kampen, og meiner sigeren var fullt fortent.
– Vi er veldig stolte av gutane, som løyser dette bra, seier han.
På tampen måtte Bergsøy også hente fram ein ekstra joker: trenarkollega Frank Sverre Skorpen måtte inn på bana, og fekk dermed notert seg for kamp nummer 490 i det som òg er hans sesong nummer… ja, det visste han visst ikkje sjølv eingong.
Jonsokkamp på Havila stadion
No står det att to kampar før sommarpausen for Bergsøy. Først ventar heimekamp mot Aksla på jonsokaftan (fredag 23. juni), før det blir toppkamp borte mot Herd fredag 30. juni.
– Det blir nok ein liknande kamp mot Aksla. Så gler vi oss til å møte Herd, men først er det Aksla. Til den kampen håper vi å ha eit par mann tilbake, avsluttar Rønnestad.
Bergsøy er framleis nummer tre med 21 poeng, bak Herd (22), som slo Aksla 7–1, og serieleiar Ørsta (24), som vann 5–1 mot Langevåg.

Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
3
75%
Uavgjort
1
25%
Tap
0
0%
Mål
14–2
scoret–sluppe inn
Informasjon
-
Dette er 4. kampen mot Norborg/Brattvåg2.
-
7. sigeren denne sesongen.
-
Mestscorande i desse oppgjera:
Bergsøy: Nils Erik Engen (4 mål)
Norborg/Brattvåg2: Eirik Vågnes (1 mål). -
Dette var 5. sigeren på rad denne sesongen.
-
Kaptein: Sondre Nygård Olsen.
Form siste 5 totalt
3–0
S
Rollon
2023-05-19
3–2
S
Ørsta
2023-05-26
2–0
S
Hareid
2023-06-02
5–0
S
Blindheim
2023-06-09
2–1
S
Norborg/Brattvåg2
2023-06-16
Form siste 5 vs Norborg/Brattvåg2
8–0
S
Norborg/Brattvåg2
2021-10-01
1–1
U
Norborg/Brattvåg2
2022-04-22
3–0
S
Norborg/Brattvåg2
2022-08-12
2–1
S
Norborg/Brattvåg2
2023-06-16
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11
· Innbyttarar: 3
Info
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
-
Pedro Moreno
-
Trym Rekkedal
-
Sander Bøe
-
Markus Kjelsli Ihle
-
Sondre Nygård Olsen
-
Nils Erik Engen
-
Junior Tombini
-
Bendik Frøysa
-
Anatolii Bieshliaha
-
Thomas Leikanger Skar
-
Roald Andreas Runde
Bergsøy – innbyttarar