Kampreferat
Bergsøy


Aksla
4-0
1-0 Daniel Jøsok Kvalsvik (12)
⚽
12'
2-0 Nils Erik Engen (23)
⚽
23'
3-0 Fredrik Muren (78)
⚽
78'
4-0 Nils Erik Engen (84)
⚽
84'
Daniel Jøsok Kvalsvik
🟨
Fredrik Muren
🟨
Thomas Skar
🟨
Referat
Slik feira Bergsøy jonsok
Aksla prøvde å spolere jonsokstemninga, men Bergsøy hadde kontroll og kunne til slutt juble for ein solid 4–0-siger på jonsokaftan. No rettar herøyværingane blikket mot neste oppgåve: toppkampen borte mot Herd.
Bergsøy fekk akkurat den starten dei trong mot eit Aksla-lag som låg lågt og gjorde seg vanskelege. Etter 12 minutt sat leiingsmålet: Daniel Jøsok Kvalsvik steig til vêrs og nikka inn ein corner frå Bendik Frøysa – 1–0.
Og heimelaget heldt fram å vere effektive. Elleve minutt seinare kom 2–0, då Nils-Erik Engen fekk godt med rom i Aksla-forsvaret og kunne setje inn ei komfortabel dobling.
Bergsøy kunne ha auka ytterlegare før pause. Frøysa var nære då han stupheada i tverrleggjaren, men fleire scoringar kom ikkje i første omgang på Havila stadion Fosnavåg.
Søvndyssande – heilt til Muren punkterte
Etter kvilen gjekk kampen inn i ein periode som i lange strekk vart relativt søvndyssande. Ingen av laga spelte seg til store sjansar, og det såg ei stund ut til å bli ein kamp som berre skulle “spelast ferdig”.
Men så, etter 78 minutt, losna det. Fredrik Muren kom seg fri inne i feltet og fekk avslutta frå om lag fem meters hald. Då sat 3–0, og kampen var i praksis punktert.
Høgdepunktet kom likevel først seks minutt seinare. I det 84. minuttet stilte banens beste, Nils-Erik Engen, seg opp på frispark frå rundt 20 meter. Eit lite sekund etter var ballen klistra i nettet, og Bergsøy kunne juble for 4–0 og ein perfekt jonsokavslutning.
– Eg har prøvd meg på frispark lenge no, men det har ikkje blitt mål sidan tidleg i førre sesong. Så det var på tide, seier Engen.
Tidleg hol på byllen
Med røyklukt i lufta og eit heller lågt tilskodartal (192), var det mykje som kunne tyde på at den store jonsokfeiringa føregjekk ein annan stad enn på stadion. Aksla var heller ikkje interesserte i å bidra til nokon fotballfest, og med eit kompakt forsvar kunne dette fort ha blitt ein småtung kveld der Bergsøy trilla mykje utan å kome seg gjennom.
Slik vart det også i periodar – men Bergsøy fekk, som Engen peikar på, det viktige målet tidleg.
– Kampen vart som forventa. Dei ligg lågt. Heldigvis fekk vi mål tidleg, slik at vi fekk meir rom til å trille ball, seier Engen.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
7
30,4%
Uavgjort
6
26,1%
Tap
10
43,5%
Mål
45–50
scoret–sluppe inn
Informasjon
-
Dette er 23. kampen mot Aksla.
-
8. sigeren denne sesongen.
-
Mestscorande i desse oppgjera:
Bergsøy: Fred Frantzen (5 mål)
Aksla: Oddvar Sandnes (5 mål). -
Dette var 6. sigeren på rad denne sesongen.
-
Banens beste: Nils Erik Engen.
-
Kaptein: Daniel Jøsok Kvalsvik.
Form siste 5 totalt
3–2
S
Ørsta
2023-05-26
2–0
S
Hareid
2023-06-02
5–0
S
Blindheim
2023-06-09
2–1
S
Norborg/Brattvåg2
2023-06-16
4–0
S
Aksla
2023-06-23
Form siste 5 vs Aksla
1–1
U
Aksla
1997-06-06
7–0
S
Aksla
1997-08-29
4–3
S
Aksla
2003-06-20
2–3
T
Aksla
2003-09-20
4–0
S
Aksla
2023-06-23
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11
· Innbyttarar: 5
Info
Banens beste
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
-
Pedro Moreno
-
Trym Rekkedal
-
Markus Kjelsli Ihle
-
Sondre Nygård Olsen
-
Fredrik Muren
-
Nils Erik Engen
-
Daniel Jøsok Kvalsvik
-
Bendik Frøysa
-
Niklas Nerland Elveseter
-
Thomas Leikanger Skar
-
Magnus Waade Myklebust
Bergsøy – innbyttarar