Kampreferat
Volda2

Bergsøy
0-3
20'
⚽
0-1 Magnus Myklebust (20)
30'
⚽
0-2 Daniel Jøsok Kvalsvik (30)
45'
⚽
0-3 Enrique Crespo Søvik (45)
Referat
Ny siger for Bergsøy
Bergsøy kunne reise heim frå bortekampen mot Volda 2 med tre poeng og ein solid 3–0-siger i bagasjen. Hovudtrenar Lars-Petter Rønnestad var tydeleg nøgd med det han såg.
– Vi kontrollerer kampen frå start til slutt, og burde kanskje vunne med meir, då vi hadde eit par annullerte mål i andre omgang. Men alt i alt er vi veldig nøgde, seier Rønnestad til Vestlandsnytt.
Bergsøy gjekk inn i kampen som favorittar, og herøyværingane innfridde. Dei tok tak i oppgjeret tidleg, og etter 20 minutt kom leiinga. Magnus Waade Myklebust sette inn 1–0 etter eit innlegg frå Hødd-innleigde Jesper Sundnes Sundal.
– Jesper hadde ein veldig god kamp, og så var det veldig kjekt at Magnus fekk sitt første mål for sesongen, seier trenaren.
Bergsøy heldt fram med å vere det førande laget. Ti minutt seinare dobla Daniel Jøsok Kvalsvik til 2–0, før Enrique Crespo Søvik fastsette pauseresultatet til 3–0 like før sidebyte.
Imponert over forsvaret
Andre omgang vart meir varierande, men Bergsøy heldt kontrollen og slapp aldri Volda 2 for alvor inn i kampen. Rønnestad meiner laget framstod profesjonelt, og han trekkjer spesielt fram det som skjedde bakover.
– Vi leiar 3–0 etter ein veldig god første omgang. Sjølv om vi var litt meir varierande i den andre omgangen, så reiser vi hit og er profesjonelle. Laget legg ned ein god laginnsats, seier han.
Han er særleg imponert over forsvarsarbeidet.
– Heile forsvarsrekkja var veldig bra. Og så scorar vi fine mål og har mykje godt angrepsspel.
To debutantar
Kampen gav også rom for nye ansikt. To spelarar fekk debuten sin i Bergsøy-drakta fredag.
– Både Muhammad Alrahim på 15 år og keeper Lukas Gjerde Solheim får seg nokre minutt i dag. Det er kjekt at dei får sjansen, sjølv om Lukas ikkje vart involvert i det heile, fortel Rønnestad.
Han peikar samtidig på at mange har fått sjansen denne sesongen, og at det er eit viktig steg i utviklinga av laget.
Revansjesugne før Langevåg
No ventar Langevåg i neste serierunde, eit lag Bergsøy har noko å revansjere etter sist møte.
– Ja, vi må jobbe med alle spelets fasar. Vi er ikkje heilt der vi ynskjer å vere enno, men det er framleis tidleg i haustsesongen. No skal vi møte eit Langevåg-lag vi tapte mot sist, og det vil vi revansjere.
Han håper også at støtta på tribunen held fram.
– Vi har vunne åtte av dei siste ni kampane no, så vi er inne i ein god periode. No håper vi folk møter opp og støttar laget neste veke. Det fortener dei.
Siger også for Ørsta og Herd
Også opprykksrival Ørsta tok tre poeng fredag, då dei slo Hareid 5–0 heime. Dermed ligg dei framleis eitt poeng framføre Bergsøy på tabellen.
Herd vann 5–0 borte mot Hovdebygda onsdag, og har framleis eit solid grep om førsteplassen – fire poeng framføre Bergsøy.
I neste runde skal Herd møte Hareid på Hareidsmyrane, medan Ørsta reiser til Blindheim kunstgrasbane for bortekamp mot Blindheim.

Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
2
100%
Uavgjort
0
0%
Tap
0
0%
Mål
6–0
scoret–sluppe inn
Informasjon
-
Dette er 2. kampen mot Volda2.
-
10. sigeren denne sesongen.
-
Mestscorande i desse oppgjera:
Bergsøy: Enrique Crespo Søvik (4 mål). -
Kaptein: Daniel Jøsok Kvalsvik.
-
Debutantar: Lukas Gjerde Solheim, Mohammed Alrahim.
Form siste 5 totalt
2–1
S
Norborg/Brattvåg2
2023-06-16
4–0
S
Aksla
2023-06-23
0–2
T
Herd
2023-06-30
2–1
S
Hovdebygda
2023-08-11
3–0
S
Volda2
2023-08-18
Form siste 5 vs Volda2
3–0
S
Volda2
2023-04-28
3–0
S
Volda2
2023-08-18
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11
· Innbyttarar: 4
Info
Kaptein
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
-
Pedro Moreno
-
Jesper Sundnes Sundal
-
Bendik Frøysa
-
Sondre Nygård Olsen
-
Fredrik Muren
-
Nils Erik Engen
-
Magnus Waade Myklebust
-
Junior Tombini
-
Enrique Crespo Søvik
-
Daniel Jøsok Kvalsvik
-
Roald Andreas Runde
Bergsøy – innbyttarar