Kampreferat
2025-09-04 • Serie – runde 16 • Kampnr 1477
Bergsøy
Stordal/Ørskog
0-4
16'
0-1 Fredrik Øie (16) Skudd
34'
0-2 Elias Stavseng (34) Heading Headding etter corner
Roald Andreas Runde 🟨
69'
77'
0-3 Vebjørn Nakken (77) Skudd
Sondre Nygård Olsen 🟨
80'
Dani Rønnestad Hansen 🟨
82'
90'
0-4 Vebjørn Nakken (90) Skudd
Referat
Heimsmell mot serietoaren: sjukdom, små marginar og 0–4

Bergsøy fekk ein tung fredagskveld på heimebane då serietoar Stordal/Ørskog vann 4–0 på Havila stadion. Slik kampen utvikla seg, var det knapt meir enn eit hårstrå mellom at det kunne blitt både endå styggare, og at Bergsøy kunne ha fått eit mål eller to som gjorde sifra meir spisande.

Opninga gav likevel litt håp. Bergsøy hadde eit lite overtak dei første minutta og kom også til eit par fine moglegheiter. Men etter rundt kvarteret var det gjestane som tok leiinga. Stordal/Ørskog spelte seg fram på høgresida, før Fredrik Øie avslutta og sette 0–1 forbi BIL-keeper Pedro Luis Moreno Gonzalez.

Etter scoringa fekk Stordal/Ørskog meir og meir tak på kampen. Bergsøy vart pressa lågt, og den tendensen heldt seg utover heile første omgang. Etter 32 minutt kom 0–2, då Elias Færøy Stavseng stanga inn ein presist skrudd corner. Like før pause var gjestane også nære 0–3, men eit hardt skot traff tverrleggjaren.

Litt betre etter pause – men måla kom feil veg

Bergsøy kom meir med i spelet etter kvila og fekk nokre mindre sjansar, men det var Stordal/Ørskog som igjen fekk utteljing. Vebjørn Nakken sette inn 0–3 etter 77 minutt, og han var også mannen bak 0–4 i siste ordinære speleminutt. Gjestane hadde dessutan ei stor moglegheit på overtid, utan å få ballen i mål den gongen.

Dermed enda det med eit klart 0–4-tap, i sterk kontrast til folkefesten og dramatikken mot Hødd 2 tidlegare i veka. Denne gongen var det også merkbart færre på tribunen, med omtrent halvparten av oppmøtet samanlikna med måndagskampen.

Hoff: – Første kvarteret kan vi ta med oss

Etter kampen var Bergsøy-trenar Anders Helsem Hoff rask med å understreke kvaliteten på motstandaren, og han peika på Nakken som ein av dei aller beste spelarane i 4. divisjon.

For Bergsøy sin del var det først og fremst starten han meinte dei kunne hente noko positivt frå.

– Første kvarteret er vi bra, og kjem til gode sjansar. Stordal-trenaren sa det til meg også; for nokre feite sjansar dykk har. Men det blir etter kvart tydeleg at vi har hatt ei dårleg treningsveke, der mange spelarar har hangla med sjukdom og skadar.

På spørsmål om andre omgang var svaret nøkternt:

– Vi prøver, vi må jo prøve. Men det sit ikkje for oss i dag, seier Hoff.

Jaktar topp 6 – og må plukke poeng no

Dette var Bergsøy sin tredje heimekamp på rad etter ein vårsesong med mange borteturar. Og det stoppar ikkje her: dei to neste fredagskampane går også på heimebane, med Langevåg som neste motstandar.

Bergsøy ligg framleis på 6. plass med 21 poeng, i eit tett sjikt der avstanden mellom 4. plass og 9./10. plass er liten. Hoff understrekar at det framleis er noko å spele for, sjølv om verken opprykk eller nedrykk ser realistisk ut.

– Vi ønskjer å vere mellom laga som får delta i kvalifiseringa til cupen neste år. Då må vi ende topp seks, eventuelt topp sju, om Hødd 2 ender topp seks, forklarar han.

Med Langevåg på 9. plass med 17 poeng, er det også ein av kampane Bergsøy helst bør ta full pott i – spesielt sidan både serieleiar Herd og Rollon (3. plass) framleis står att på programmet.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
0
0%
Uavgjort
0
0%
Tap
4
100%
Mål
2–16
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 4. kampen mot Stordal/Ørskog.
  • 📈
    8. tapet denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Enrique Crespo Søvik (2 mål)
    Stordal/Ørskog: Vebjørn Nakken (5 mål).
  • ©️
    Kaptein: Pedro Moreno.
  • 🌱
Form siste 5 totalt
1–1
U
Hovdebygda
2025-08-08
4–1
S
Sif/Hessa
2025-08-15
1–0
S
Ørsta
2025-08-22
3–3
U
Hødd2
2025-09-01
0–4
T
Stordal/Ørskog
2025-09-04
Form siste 5 vs Stordal/Ørskog
0–6
T
Stordal/Ørskog
2024-04-26
0–3
T
Stordal/Ørskog
2024-08-23
2–3
T
Stordal/Ørskog
2025-05-23
0–4
T
Stordal/Ørskog
2025-09-04
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 4
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
2.0
6 stemmer
📍
Havila Stadion
👨‍⚖️
Rohollah Ahmadzai
👥
253
Kaptein
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
Stordal/Ørskog – lagoppstilling
Simen Rognsø Furstrand, Elias Brautehaug, Simen Kvammen Tøsse, Elling Kongsnes Jørgenvåg, Remy Nyli Johnsen, Elias Færøy Stavseng, Magnus Brautehaug, Sondre Hanestadhaugen, Fredrik Hjelle Busengdal, Vebjørn Nakken, Fredrik Øie, Bendik Nyli Innselset, Dennis Lid Bozkurt, Isak Søvik Benjaminsen, Sigve Alfer