Kampreferat
Bergsøy

Spjelkavik2
3-1
35'
⚽
0-1 Jonas Ottersen (35)
1-1 Nils Erik Engen (45)
⚽
45'
2-1 Enrique Crespo Søvik (51)
⚽
51'
3-1 Sander Makipera Vike (61)
⚽
61'
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
2
Uavgjort
1
Tap
0
Mål
7–3
Informasjon
- Dette er 3. kampen mot Spjelkavik2.
- 2. sigeren denne sesongen.
- Mestscorande mot Spjelkavik2: (2 mål).
- Banens beste: Sander Makipera Vike.
- Kaptein: Sondre Nygård Olsen.
Form (siste 5 totalt)
3–6 (L)
Hareid
2025-10-17
2–2 (D)
Ørsta
2026-03-28
0–1 (L)
Stordal
2026-04-10
2–1 (W)
Ravn
2026-04-17
3–1 (W)
Spjelkavik2
2026-05-01
Form (siste 5 vs Spjelkavik2)
3–1 (W)
Spjelkavik2
2025-05-30
1–1 (D)
Spjelkavik2
2025-09-26
3–1 (W)
Spjelkavik2
2026-05-01
Referat
Opninga av kampen i 4. divisjon var jamn, og den første halvtimen bar preg av fleire farlege balltap på eigen banehalvdel frå begge lag.
Den største sjansen i denne perioden kom til målmaskina Enrique Crespo Søvik. Han fekk stå heilt umarkert inne i Spjelkavik-feltet, men headinga traff stolpen. Returen vart deretter rydda unna av ein forsvarar.
Frå det påfølgjande hjørnesparket snudde gjestane spelet raskt. Ein lang ball i bakrom sette Marco Iserni Jønsson åleine gjennom mot keeper Pedro Gonzalez. Han løfta ballen elegant over spanjolen og i mål til 0–1.
– Det gjekk litt seint og vi var litt unøyaktige i første omgang. Vi handterte hjørnesituasjonen dårleg og vart straffa for det. Eg meiner vi var rundt 85 prosent i dag, men sigeren var fortent til slutt, seier Bergsøy-trenar Anders Helsem Hoff til Vestlandsnytt etter kampen.
Formasjonsendring gav effekt
Etter baklengsmålet auka Bergsøy tempoet, og like før pause kom utlikninga. På eit hjørnespark såg Sander Bøe at Nils-Erik Engen stod heilt åleine på sekstenmeteren. Han spelte ballen ut til Engen, som sette den sikkert i venstre hjørne. Dermed stod det 1–1 til pause.
I andre omgang tok Bergsøy full kontroll. Heimelaget kom ut med høgt tempo, og allereie etter fem minutt hadde dei snudd kampen. Sander Mäkiperä Vike skaffa straffespark, som Crespo Søvik sette trygt i mål bak Henrik Reite Hansen.
– Vi gjorde ei lita justering i formasjonen på midtbana i pausen, og etter det har vi eigentleg god kontroll. Vi kunne også ha skåra fleire mål, seier Hoff.
Bøe sentral i snuoperasjonen
Etter ein times spel auka Bergsøy leiinga ytterlegare. Sander Bøe stod for sin andre assist i kampen då han spelte Vike gjennom. Vike tok seg forbi ein forsvarar og sette ballen sikkert til venstre for keeper.
– Bøe gav eigentleg seg i vinter, men kom tilbake og har vore strålande på trening i det siste, seier Hoff, som også rosar vingparet Vike og Tomas Matuszczyk.
– Eg trur venstrebacken til Spjelkavik framleis slit etter møtet med Tomas.
Kampen enda til slutt 3–1 til Bergsøy, som no har seks poeng etter tre kampar denne sesongen.
– No handlar det om å byggje vidare på denne starten og etablere oss i toppen, avsluttar trenaren.

Laget
Registrerte spelarar. Start: 11
· Innbyttarar: 6
📷 Relaterte bilde (1)
↗
Lagbilde 2026
Seiersilde etter 3-1 mot Spjelkavik2
Info
📍
Havila Stadion
👨⚖️
Rohollah Ahmadzai
👥
Banens beste
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
-
Pedro Moreno
-
Mathias Alstad Steinsvik
-
Elias Skogen Hauge
-
Franjo Tepuric
-
Sondre Nygård Olsen
-
Sander Bøe
-
Sander Makipera Vike
-
Nils Erik Engen
-
Kjetil Steinsvik Paulsen
-
Enrique Crespo Søvik
-
Tomas Matuszczyk
Bergsøy – innbyttarar
- 🔁 Ruben Bjørlykke Storøy
- 🔁 Elias Holstad Walaunet
- 🔁 Magnus Waade Myklebust
- 🔁 Mohammed Alrahim
- 🔁 Daniel Jøsok Kvalsvik
- 🔁 Sander Kvalsund Schanche
Spjelkavik2 – lagoppstilling
Henrik Reite Hansen, Kasper Hormazabal Svindseth, Johannes Øvretveit Larsen, Simen Nogva Svendsen, Noah Herje, Julian Narancic-Grytten, Stian Nedregård, Jonas Ottersen, Jørgen Vad Johannessen, Noah Sunde Dybvik, Marco Iserni Jønsson