Handball herrer – kampreferat
1978-10-07 • 1978/79 • serie • Runde 1
Kamp-ID 541
Bergsøy
Brattvåg
10–36
⚽ Målscorarar
Kampinformasjon
• Dette var 1. tapet i sesongen.
• Dette er 1. kampen mot Brattvåg.
Statistikk mot Brattvåg til og med denne kampen: 0 sigrar, 0 uavgjort, 1 tap, 10–36.
Sesong totalt (til og med denne kampen): 0–0–1 (S-U-T), 10–36.
📝 Kampreferat
Stor-tap for BIL sitt herrelag

Dei heilt store superlativa må leggjast tilside når ein skal fortelje frå kampen Bergsøy – Brattvåg i herreserien som vart spela i Ulsteinhallen laurdag. Sluttresultatet vart heile 36–10, etter 19–6 ved pause.

I byrjinga såg det ut til at Bergsøy ville klare å halde følgje med Brattvåg. Dei hadde leiinga fram til 3–1, men dermed var det også slutt. Lite konsentrert spel og sleivete pasningar prega Bergsøy sitt angrep frå no av, medan det i forsvar meir gav preg av ein kamp i fribryting enn handball. Vi vonar at kampen mot Brattvåg ikkje er representativ for kva Bergsøy sitt herrelag sit inne med av handballprestasjonar.

Målscorarar for Bergsøy: Olav Kvalsvik 5, Nils Djupvik 2, Per Frøystad 2, Ove Vinge 1.
Info
Turnering
serie
Runde
1
Tilskodarar
Lagoppstilling