Handball herrer – kampreferat
Bergsøy


Mork
22–14
⚽ Målscorarar
-
⚽6
-
⚽5
-
⚽3
-
⚽2
-
⚽2
-
⚽2
-
⚽1
-
⚽1
Kampinformasjon
• Dette var 2. sigeren i sesongen.
• Dette er 1. kampen mot Mork.
Statistikk mot Mork til og med denne kampen:
1 sigrar, 0 uavgjort, 0 tap, 22–14.
Sesong totalt (til og med denne kampen):
2–0–2 (S-U-T),
68–86.
📝 Kampreferat
Sterk andre-omgang gav BIL-herrane sin første siger på heimebane
Eit 200-tals publikum fekk laurdag sjå Bergsøy sitt herrelag ta sin første siger i eigen hall. Det var Mork som denne gongen måtte reise heim med 14–22 tap mot eit BIL-lag i framgang. Så langt i serien har BIL to sigrar og tre tap.
Laurdagens kamp var, som nemnt eit nytt steg framover, og etter ein jamn første omgang der Mork leia 10–9, kom Bergsøy sterkare etter kvart som kampen skreid fram og auka leiinga jamnt og trutt etter til dels godt spel. Særleg etter at BIL fekk nøytralisert Mork sin storscorar Håskjold fall gjestene saman og det vart lite sting i angrepa samstundes som BIL-keeper Arve Løken spelte seg stort opp. Særleg Ove Vinge på vingen var ein viktig brikke i sluttfasen med fem mål mellom det 16. og 22. minutt.
Toppscorar vart Odd Egil Igesund med 6 mål, Ove Vinge 5, Nils Djupvik 3, Emil Leinbø, Dag-Harald Igesund og Per Frøystad 2, Kjetil Goksøyr og Jens Dahlstrøm eitt kvar.
📷 Relaterte bilde
Info
Turnering
serie
Runde
5
Tilskodarar
200
Lagoppstilling