Handball herrer – kampreferat
Bergsøy


IVL
20–16
⚽ Målscorarar
-
⚽6
-
⚽4
-
⚽3
-
⚽3
-
⚽2
-
⚽2
Kampinformasjon
• Dette var 7. sigeren i sesongen.
• Dette er 4. kampen mot IVL.
Statistikk mot IVL til og med denne kampen:
2 sigrar, 0 uavgjort, 2 tap, 74–77.
Sesong totalt (til og med denne kampen):
7–0–3 (S-U-T),
208–168.
• Banens beste:
Arve Løken
📝 Kampreferat
Bergsøy herrane ikkje på sitt beste – sikra likevel andreplassen
H 5: BIL – IVL 20–16
Bergsøy sitt herrelag vann i helga sin siste kamp i årets serie, 20–16 over IVL, etter 9–5 ved pause. Dermed sikra BIL sin sterke 2. plass på tabellen etter Ringen B. Men etter reglementet har truleg ikkje Ringen B høve til å rykke opp, og det medfører at BIL blir forfremma til 4. divisjon. Ein fin prestasjon. Laget har vist fin framgang under leiing av trenar Olav Emdal, og fruktene av den prektige idrettshallen har allereie kome til syne.
I den avgjerande kampen mot IVL måtte Bergsøy ha minst uavgjort for å sikre 2. plassen, og sjølv om BIL ikkje kom opp mot sitt beste var det aldri fare. Ved halvtid var stillinga 9–5, og sjølv om lærarstudentane heldt betre følgje etter sidebyte enda kampen med sikker 20–16 siger til Bergsøy. Per Frøystad vart toppscorar for BIL med 6 mål, Ove Vinge 4, Raymond Leine, Adolf Petter Espeseth 3 kvar og Nils Djupvik og Torstein Dahl 2 kvar. Bestemannsprisen går denne gongen til keeper Arve Løken for mange fine redningar.
Elles var BIL for stilleståande i forsvar, og lærarstudentane hadde i ei periode i 2. omgang små problem med å «opne» Bergsøysforsvaret.
📷 Relaterte bilde
Info
Turnering
serie
Runde
10
Tilskodarar
—
Lagoppstilling