Handball herrer – kampreferat
1980-12-14 • 1980/81 • serie • Runde 5
Kamp-ID 598
IVL
Bergsøy
19–31
⚽ Målscorarar
Kampinformasjon
• Dette var 4. sigeren i sesongen.
• Dette er 3. kampen mot IVL.
Statistikk mot IVL til og med denne kampen: 1 sigrar, 0 uavgjort, 2 tap, 54–61.
Sesong totalt (til og med denne kampen): 4–0–1 (S-U-T), 113–84.
• Banens beste: Torstein Dahl
📝 Kampreferat
Handball: (H5) IVL – Bergsøy 19–31

Handballsporten i Bergsøy har for tida ein fin medgang. Størst framgang har nok herrelaget hatt, og trenar Olav Emdal har fått fram eit slagkraftig lag som på sitt beste kan spele verkeleg godt både i forsvar og angrep. Opningskampen mot IVL, i Voldahallen i helga, er noko av det aller beste laget har prestert.

Bergsøy gjorde kort prosess på heimelaget alt frå start. Variert og godt angrepsspel, saman med tett og godt forsvarsarbeid, gjorde at Bergsøy etter første kvarteret hadde sikra seg ei leiing på 10–3. Etter dette slappa laget noko av, men ikkje så mykje at det var tvil om kvar sigeren skulle hamne. Også utover i kampen heldt Bergsøy fram med å score meir enn heimelaget, og då fløyta gjekk for full tid var leiinga 19–31, noko som dermed også vart sluttresultatet.

På dette sigerrike laget vil vi framheve Torstein Dahl. Han la ned eit solid arbeid i forsvar, og var dessutan mann for 6 av Bergsøy sine mål. Toppscorar vart likevel denne gongen Nils Djupvik med 8 fulltreffarar. Per Frøystad (7), Ove Vinge på vingen (5), Rolf Harsvik (4) og Raymond Leine (1).

Arve Løken var som vanleg god i mål, men også innbytaren, Bård Myklebust, varma opp med mange fine redningar. Mellom anna tok han to av Volda sine straffer.

Bergsøy er etter dette i høgste grad med i tetbildet, og kjempar om førsteplassen med Ringen B og Hødd. Komande helg skal herrelaget til Hovdebygda. Skal vi tru på to nye poeng?
Info