Handball herrer – kampreferat
1981-01-11 • 1980/81 • serie • Runde 6
Kamp-ID 599
Mork
Bergsøy
28–21
⚽ Målscorarar
Kampinformasjon
• Dette var 2. tapet i sesongen.
• Dette er 3. kampen mot Mork.
Statistikk mot Mork til og med denne kampen: 2 sigrar, 0 uavgjort, 1 tap, 66–56.
Sesong totalt (til og med denne kampen): 4–0–2 (S-U-T), 134–112.
📝 Kampreferat
H 5: BIL – Mork 28–21

Herrelaget spela ein av sine svakaste kampar for året då laget tapte 28–21 mot Mork. Særleg klikka forsvarsarbeidet som til tider var svært stilleståande. Særleg i opningsfasen mislukkast BIL med det meste, og Mork leia ei stund heile 8–1. Bergsøy prøvde i denne perioden på vanskelege tekniske kombinasjonar som dei ikkje meistra, og som førte til mange mistydingar.

Etter sidebyte spela heimelaget jamnt med Mork, men greidde aldri å hente inn gjestane si leiing. På Bergsøy vart også denne gongen Nils Djupvik toppscorar med 6 mål, Rolf Harsvik 5, Jonny Pettersen 3, Per Frøystad 2, Ove Vinge, Torstein Dahl, Dag Harald Igesund, Adolf Espeseth og Raymond Leine eitt kvar.

For Mork scora dei tidlegare Ørsta-spelarane Gunnar Knutsen 8, Svein Arne Nupen 7 og Egil Rustad 6.