Handball herrer – kampreferat
1982-01-08 • 1981/82 • serie • Runde 8
Kamp-ID 511
Bergsøy
Stranda
17–35
⚽ Målscorarar
Kampinformasjon
• Dette var 7. tapet i sesongen.
• Dette er 3. kampen mot Stranda.
Statistikk mot Stranda til og med denne kampen: 0 sigrar, 0 uavgjort, 3 tap, 55–110.
Sesong totalt (til og med denne kampen): 1–0–7 (S-U-T), 147–196.
📝 Kampreferat
H 4: BIL – STRANDA 17–35

Bergsøy tok leiinga 1–0 mot topplaget Stranda, men etter kvart samla Stranda seg og tok føringa i kampen og drog jamt og trutt ifrå. Ved pause stod det 16–9, og denne leiinga vart auka til 35–17 i 2. omgang. Som resultata syner var det klasse-skilnad på dei to laga, og topplaget Stranda imponerte med rask og variert handball, susande langskot og utspekulert innspel på lina. Det undra oss at ikkje BIL ofra ein mann til å «støe» Stranda sine langskyttarar som gong på gong fekk den tid dei trengte til å innstille skota.

Hjå Bergsøy er det framleis for mange personlege feil som gjev motstandaren for mange gratis-sjansar. Trass i 35 baklengs-mål må bestemannsprisen på BIL gå til keeper Martin Sletteli som trass i hard behandling stod sikkert og godt i mål. Toppscorar for BIL var Adolf Petter Espeset med 4 scoringar, Nils Djupvik og Rolf Harsvik hadde 3 mål kvar, Torstein Dahl, Per Frøystad og Ove Vinge 2, og Dag-Harald Igesund eitt mål.

Dei mest sentrale spelarane på Stranda var Stein I. Krohn med 9 scoringar, medan ikkje ukjende Jarle Mykling froska inn 8 fulltreffarar.

Stranda er framleis utan tap, og er favorittar til topp-plassen.
Info