Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Tap i første KM-kampen

1957/58 - KM KAMP KM KAMP

Stranda - Bergsøy 2-0



1-0 Ottar Slettevoll (8), 2-0 Karl Rusengdal (ca 43)


08.06.1958



Jakob Foss






Vedlegg til kampen

Kampreferat

Det var litt overraskande at Stranda vann 2-0 mot Bergsøy, spessielt med tanke på banespelet. Bergsøy starta friskt alt ifrå avsparket og spelte rask fotball. Det var Bergsøy som var best i den første omgangen, samtidig som Stranda opna nervøst.

Tiltross for dette var det klart for 1-0 til Stranda alt etter 8 minutter ved indre høgre Ottar Slettevold, og rett før pause økte indre venstre Karl Rusengdal til 2-0 på eit omdiskutert mål.

I den andre omgangen kom Bergsøy enda sterkare og dominerte det meste, men Stranda sitt forsvar klarte å ri av stormen. Det gjekk for mykje på tvers av mål med Bergsøy tiltross for oppfinnsom fotball.

Best på Bergsøy var indre venstre Sigmund Paulsen, høgreback Egil Myrene og senterhalf John Ertresvåg. Elles spelte Petter Sperre og keeper godt.

Stranda fekk ikkje rette flyten over spelet, og var noko tregare enn til vanlig. Forsvaret spelte en god kamp, og Oddmund Fjørstad og Ottar Espe utmerka seg. I tillegg var Sverre Hoel og venstre half Arne Rødseth gode i løparrekka.


KAMPREFERAT


SERIEKAMPER