Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Om Historikk.com

Et historisk prosjekt:

Bildet: FAKf-1190 Fylkesfotoarkivet Magne Mulvik, kolorert.



Historikk.com gjennomførte store endringar i 2021:
Les om endringane 2021: Historikkc.om blei mobilvennlig og inneheld no både Fotball, Handball, Friidrett.



INFORMASJON OM HEIMESIDA
Historikk.com prøver å finne, sortere, arkivere og ta vare på historien - og det hadde ikkje vore mulig uten hjelp av viktige bidragsytere som har historie å dele, som vi kan scanne og ta vare på. Vi ønsker å nemne nokre:


Johs Wike

Mannen med stor historisk kunnskap bak den gode boka "Idrett i havgapet" har sjølv erfaring med å samle Bergsøy-historie, og har vore ein god ressurs for Historikk.com. Johs har velvillig latt oss få ta vare på historisk materiale og latt oss scanna endel av det han har tatt vare på. Johs "oversatte" også Den første møtebok, og står bak fleire av bøkene vi har samla i Scanning-Arkivet. Blant anna Fotballboka 1952/53-1968 og Nils Lied Boka som har hjulpe oss blant anna i arbeidet med adelskalenderen og kampreferat.


Mathias Pettersen

For oss vil vårt Arkiv for store delar kunne kallast Mathias-arkivet. Mathias hadde ei stor samling av Bergsøypermar som vi scanna, og over 750 av desse dokumenta utgjer idag ein stor del av vårt historiske arkiv frå perioden 1944-1970. I samlinga til Mathias var også VHS video av kampar frå den historiske 1981 sesongen, samt mykje anna som gir eit godt innblikk i Bergsøy-historiens tidlige epoke.


Ruth Vestnes Frøystad

Ruth gav oss tilgang til å scanne alle handball-spelarkorta som gjorde at vi kunne utarbeide en Adelskalender samt Målscorerliste for damelag i handball. Alle spelarkorta er tilgjengelig via desse listene.


Astrid Jensen

Astrid Jensen sin handballsamling gjorde blant anna at vi kunne lage ei oversikt over Handballens-Dag. I tillegg har dei mange avisutklippa kunne gitt oss større innblikk i kvar sesong, som du kan finne i menyen på handballsidene. (Sjå eksempel 2000/2001-sesongen damer). I samlinga til Astrid var også statistikk til herrespelarane sine spelte kampar.


Ruben Kvalsvik

Historikk.com hadde ikkje Friidrett på plass før vi fekk tak i Ruben Kvalsvik, og han har hjulpet oss å få finne tak i materiale for å få på plass blant anna Resultatlista og alle resultatlistene til Friidrett. I tillegg fekk vi scanne over 100 friidretts-dokumenter som er tilgjengelig i vårt Arkiv merka med grønn farge for Friidrett.


Fred Frantzen

Vi har fått scanna Fred si eiga samling av fotballbøker, som gir eit flott innblikk i mange år av fotballhistoria til Bergsøy. Fortsatt er det mykje av denne samlinga som vi ennå ikkje har fått skikkelig på plass på heimesida, så fortsatt har vi arbeid å gjere.




Les meir om heimesida si historie:

Historie:
1.oktober 2002 laga eg (Steffen Helsem Kvalsund) min første heimeside: "Bergsøy Fotball heimeside". Eg hadde eit PC-blad, "Hvordan lage en hjemmeside", og kasta meg ut i det. Den første sida kunne maks være på 20 megabyte, og bilder eg måtte laste opp kunne dermed ikkje være av så god kvalitet. Mitt første digitale fotokamera var på 1 megapixel, og mitt neste kamera var på 3,2 megapixel.

  • Trykk her for bilde av den første heimesida (Bergsøyverson 1.0)
  • Heimesida slik den var i 2002: Bergsoy.com 1.oktober 2002. |

    Dette var før Facebook og dei fleste av dagens kjente sosiale medier, og eg ville lage en stad der Bergsøysupporterar kunne samlast også på nett. Eg laga mine egne fotballbøker, og hadde desse ofte med meg på kampar så andre fekk sjå. På denne tida fantest det ei adresse bergsoy.no, men det var lite å finne der anna enn ein Bergsøylogo. Kvifor då ikkje skape noko nytt? Istadenfor å lage fotballbøker og drasse på desse, så kunne eg lage ei nettside der alle kunne gå inn å sjå. Utviklingen fortsatte i stor fart, da målet var å få siden til å bli så særiøs som mulig. Nye topper og menyer ble prøvd ut nesten daglig, og gjestane på sida var til god hjelp om kva som fungerte og kva som måtte dompast.

  • Mitt første digitale kamera.
  • Mitt andre digitale kamera.

    Maskoten til Bergsøy Fotball Heimeside:



  • 1.August 2003 ble adressen forandra fra den lange www.home.no/bergsoy/ til www.bergsoy.com.
  • Fotballen.no hadde årlige kåringer av dei 100 beste fotballsidene i Norge. Jeg kunne stolt konstantere at siden jeg hadde laga og oppdatert heilt sjølv, slo mange Eliteserieklubbar med store budsjett. Den beste plasseringa kom i 2005, da Bergsoy.com var Norges 8.beste fotballside.



  • Sportsweb.as har hatt god omtale av Bergsoy.com. |
  • Vestlandsnytt hadde dette intervjuet med Webmaster SHK i 2005. |
  • Sunnmørsposten: Bergsoy.com har Historisk sus |
  • Årsrapport 2004: Trykk her. |
  • Årsrapport 2005: Trykk her. |
  • Utvikling fram mot 2009:
    I 2008 starta eg å bygge hus på Hareid og blei pappa for første gang. Det vart ikkje like lett å drive ei oppdatert heimeside når eg ikkje lengre spelte på Bergsøy sjølv, eller bodde i Herøy. I eit års tid hadde eg forandra heimesida slik at det var brukarane sjølv (trenarar) som logga seg inn og oppdaterte sine egne lags sider. Dette året vil eg seie var heimesida si mest avanserte periode, der mykje skjedde "automatisk". Eg følte at dette var rette tidspunktet å la bergsoy.com gå til klubben. Etter et møte ble vi enige om at Bergsøy tok over nettsida bergsoy.com.
    Historikk.com ble lansert i 2016.
    Min interesse for historie var ikkje borte dei neste åra, og eg laga stort sett ei slektsbok til kvar jul i denne perioda. Når vi kom til 2016 tok eg eit nytt blikk på bergsoy.com, og fann ut at eg ville berge restane av det eg i mi tid hadde skapt.

    Bergsøy IL hadde desse åra hatt forskjellige versjonar, men det gikk på dagens nyheter. En stor del av min interesse var å ta vare på informasjon og statistikk (gårsdagens nyheter) som var på vei å gå tapt. Johs Wike hadde i mellomtida laga ei fantastisk bok om klubbens historie, men fortsatt mangla endel av dei tinga eg hadde starta å arbeide med. Klubben hadde tildømes aldri hatt ei målscorerliste, eller en fungerande Adelskalender.

    Stor oppdatering Juli 2021: Historikk.com i ny drakt.
    Det var eit arbeid som pågikk i fleire månader, men som i juli 2021 var klart til å publiserast. No var historikk.com oppdelt i 4 kategoriar: Historie, Fotball, Handball og Friidrett. Heimesida blei "responsive" som betyr at den blei tilpassa både mobil og nettbrett, og innholdsmessig fekk heimesida på plass mykje nytt no som scanna handball og friidrett også blei publisert.

  • Les meir om denne oppdateringa



  • SPØRSMÅL OG SVAR
    Hva er historikk.com?
    Ei heimeside som tek føre seg historie, og som no har kategoriane Bergsøy Fotball, Bergsøy Handball og Bergsøy friidrett. Vi har som mål å kartlegge historia i desse kategoriane så langt det er mulig, for å oppnå statistikker som målscorerlister, adelskalendere og øvrig historisk oversikt så godt det lar seg gjere.
    Er det nødvendig?
    Johs Wike si bok om Idrett i havgapet er ei fantastisk bok som tek føre seg Bergsøy si historie.

    Ei bok vil alltid være begrensa av sine antall sider. Historikk.com har ikkje tilsvarende begrensinger, og kan være eit oppslagsverk på ein heilt annan måte. Tildømes tek boka føre seg hendingar i endel enkeltkampar, mens du på Historikk.com har komplett oversikt og kan lese kampreferat av alle A-lagets fotballkampar.

    Boka tek heller ikkje føre seg statistikk, og dette er noko Historikk.com har arbeida mykje med for å få på plass. Målscorerlister, adelskalendere, og øvrige oversikter som toppscårere, prisvinnere osv. Samt at sjølvsagt ei nettside kan oppdaterast fortløpande, på en måte ei bok ikkje kan.
    Kva er målet til Historikk.com?
    Å kartlegge og ta vare på historia vi finner, og gjere dette tilgjengelig for dei som ønsker å vite om den. Til dømes har vi scanna mange albumar og historiske Bergsøy-bøker som ligger tilgjengelig til nedlastning eller lesing på våre sider. Dette er en måte å ta vare på historia på, før slike bøker går tapt. Vi har også inkludert sider og bilder fra slike bøker tildømes inn i fotballens kampreferat.

    Om noko, så kan Historikk.com fungere som et arkiv for dei som gjerne vil lage nye Bergsøybøker. Om en skal drive slektsgranskning går en på digitalarkivet.no, men om en skal granske Bergsøyhistorie så kan en gjerne søke litt på Historikk.com.


    Utviklinga av bergsoy.com -> Historikk.com


    Les mer om dei forskjellige oppdateringane her.

    Utviklinga

    2002 (Oktober)

    Utviklinga

    2002 (November)

    Utviklinga

    2003 (Januar)

    Utviklinga

    2004 (Juni)

    Utviklinga

    2004 (Juni)

    Utviklinga

    2005 (Februar)

    Utviklinga

    2005 (Februar)

    Utviklinga

    2005 (September)

    Utviklinga

    2005 (September)

    Utviklinga

    2006 (Juli)

    Utviklinga

    2007 (Januar)

    Utviklinga

    2009 (Februar)

    Utviklinga

    2021 (April)

    Utviklinga

    2021 (7.Juli)

    Utviklinga

    2022 (27.November)

    FOTBALL: HERRER









    Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

    Ekstern Link fotball.no


    FOTBALL: DAMER




    Ekstern Link fotball.no


    HANDBALL: HERRER




    Ekstern Link handball.no


    HANDBALL: DAMER




    Ekstern Link handball.no


    friidrett










    Oversikt