Asmund Myklebust, Sverre Botn
17.08.1958
Reidar Borch Walderhaug.
Vedlegg til kampen
Sunnmøre Arbeideravis
Tabell og lag
Kampreferat
3.divisjonskampen mellom Bergsøy og Spjelkavik i Fosnavåg vart ein frisk og innsatsprega kamp. Det var heimelaget som opna scoringane ved cf. etter 12 minutt etter møljespel foran mål.
I det 25 speleminutt utlikna så Holger Holen for Spjelkavik. Heimelaget kom friskt på nytt og det var mange gangar prekært i Spjelkavik sitt forsvar. Etter 35 minutt gikk Bergsøy opp til 2-1 ved i.h. Desverre misslykkast eit tilbakespel til Bergsøys keeper i det 38 minutt og sjølvmålet ordna 2-2 til pausa.
I den andre omgangen kom Spjelkavik friskare og målmannen til Bergsøy måtte fleire gongar i ilden og hadde nokre glimrande redningar. Etter 58 minutt gikk Spjelkavik opp til 3-2 ved Peder Haugen. Tre minutt seinare blei det 4-2 ved Olger Holen.
Spjelkavik satte no tempoet merkbart ned men hadde likevel tak på kampen. Sigeren var fortjent. Innsatsen til begge lag var ikkje mykje å seie på, anna enn at ballen var litt mykje i lufta.
Hos Bergsøy er det innsatsviljen som er det store plusset for laget. Ertresvåg var stø på senterhalfplassen. Elles leverte v.h. Homlung ein god kamp til han fekk ei lettare skade i 2.omgang.
Spjelkavik sitt lag var jamnt bra. Periodevis gikk spelet fint i både half og angrepsrekka. Halfrekka var den sterkaste lagdelen, og i forsvaret var venstreback Ove Mork best. Dommar var Reidar Borch Walderhaug.