Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












7-2 til Volda

1964 - Serierunde 1 Nr 145

Volda - Bergsøy 7-2 (4-0)



Kolbjørn Wickstrøm, Sverre Botn


10.05.1964 - Volda Stadion








Vedlegg til kampen


Tabell og lag

Kampreferat

Trass i kraftig regn, var baneforholda brukbare på Volda stadion i seriekampen Volda — Bergsøy. Men det viste seg raskt at det var heimelaget som meistra grasbane best, og kom til dei beste sjansane. Volda gjorde det dei kunne for å spele fri indreløparane sine, og dette lykkast dei med. Dermed scora indre høgre Jon Olav Myklebust og indre venstre Lidvar Lillebøe tre mål kvar.

Myklebust var mannen som åpna scoringane, den første etter å headde ballen forbi keeper. Han var også mannen bak dei to neste måla, og hadde dermed ein hattrick før Lidvar Lillebøe satte inn 4-0 målet. Dette vart også pauseresultatet.

Bergsøy fekk til lite før pause i ein omgang der Volda dominerte, men spelet jamna seg meir ut etter pausen. Bergsøy fekk bedre tak i midtbana og det var Kolbjørn Wickstrøm som reduserte til 4-1. Midt i omgangen økte Volda sin senterløpar Helge Aarseth til 5-1, før Bergsøy fekk straffespark som indre høgre Sverre Botn netta kontant.

Det neste målet var eit kjempeskot i vinkelen av Lidvar Lillebøe frå 16 meter til 6-2, og like etter noterte samme mann seg for kampens siste mål og 7-2.


KAMPREFERAT


SERIEKAMPER