Sverre Botn
19.09.1965
Svein Arne Korshamn
Vedlegg til kampen
Tabell og lag
Kampreferat
Det var eit virkelig sterkt resultat av Volda, men for seint til at kontrakta i 5.divisjon kan bergast. Laget var klart bedre enn Bergsøy denne gangen, og heimelaget tok initiativet heilt ifrå start.
1-0 kom etter 10 minutt ved ytre venstre Øyvind Holsvik. Elles hindra ein god Bergsøykeeper Reite fleire scoringar i denne omgangen etterkvart som Volda fekk spelet til å gli.
Etter pausen var
ikkje spelet så godt som før pause, men det vart større effektivitet. Indre høgre Oddbjørn Nes la på til 2 — 0 og Kjartan Ardal auka til 3 — 0 på eit skruskot. Bergsoy reduserte på straffespark ved indre venstre Sverre Botn, før to perler av Nes og Årdal fastsette sluttresultatet til 5—1.
På Volda spela løparrekka ein god kamp, og det var tydeleg at laget meistra banen betre enn Bergsøy. Indretrioen Nes, Indre-søvde og Årdal var gode, og i forsvaret var c.b. Eivind Høydal solid. På Bergsøy-laget var keeper god i 1. omg. Elles kom c.b. Kjelstadli bra frå kampen. Dommaren Svein Arne Korshamn fra Ørsta, tillot litt for hardt spel av og til.