Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Stranda mot nedrykk?

Kampreferat 1967:

Stranda - Bergsøy 0-2 (0-2)



Sigmund Paulsen, Kjartan Fagerlund


10.09.1967 - Ringstadmoa



Dalhaug fra Skodje






Vedlegg til kampen


Tabell og lag

Kampreferat

Det blei to mål som avgjorde kampen, og kanskje var det lettkjøpte mål også. Sigmund Paulsen gjorde 1-0 omtrent halvveis i den første omgangen, mens Kjartan Fagerlund la på til 2-0 før pause.

Ved begge scoringane var heimelaget passive, og det var også meint at Bergsøy på den eine scoringa benytta handa. Bergsøy var imidlertid farlige, og bomma også på eit straffespark i løpet av kampen. I tillegg scora dei enda ein gong, men dette blei avblåst for offside.

For Stranda kan tapet bety at det går mot nedrykk til 5.divisjon. Den avgjerande kampen blir mot Blindheim i siste serierunde. Med bedre innsats mot Bergsøy kunne en kanskje ungått ein slik situasjon. Strandaspelarane kjempa berre middels, men kom litt sterkare etter pausen.

Hos heimelaget var det Arne Aambakk som var den beste, mens hos Bergsøy var Kjartan Fagerlund den store organisatoren og drivande midtpunktet. Han var avgjort den beste spelaren på bana. Elles gjorde ytre venstre Knut Teige mykje godt. I det tette forsvaret var senterhalf Asbjørn Røsås den beste. Dommaren var Dalhaug fra Skodje, som bomma på nokre offsidar men greidde seg elles bra.


KAMPREFERAT


SERIEKAMPER