Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Hattrick av Jarle Walseth

Kampreferat 1967:

Ørsta - Bergsøy 3-2 (1-0)



Oskar Wåge, Kjartan Fagerlund


25.06.1967








Vedlegg til kampen


Tabell og lag

Kampreferat

Ørsta tok begge poenga etter å ha vippa kampen i sitt favør på ei sleip bane i Ørsta. Målet før pause kom ved at Jarle Walseth starta fint på eit legg fra Kjell Arne Sætre og skaut forbi keeper før han rakk å rykke ut.

Ørsta hadde godt tak på kampen før pause, men i starten av den andre omgangen kjørte Bergsøy hardt på for utligning. Etter 15 minutt ut i omgangen blei det 1-1 ved Oskar Wåge på eit godt skot, men så blei det 2-1 like etterpå ved at Jarle Walseth gjorde ein flott enkeltmannsprestasjon og scora på eit skråskudd.

Eldar Eilertsen måtte så forlate bana på grunn av skade, og Odd Berge kom inn. 10 minutt før slutt laga Walseth sitt tredje mål for dagen da han skaut via ein Bergsøyback og i mål. Og berre to minutt etter fastsatte Kjartan fagerlund sluttresultatet til 3-2 på eit nydelig frispark frå venstresida i mål.

På Ørsta laget leverte venstreback Atle Melle en god kamp i forsvaret, og Kjell Frode Hovde la ned eit godt arbeid på midtbanen. Walseth spelte sin første kamp etter at han braut kragebeinet, og han var avgjort den farligaste angriparen på bana denne gang.

Bergsøy som tidligare har hatt store problemer på våte grasbaner klarte seg fint denne gangen og med litt hel burde dei ha sikra seg eit poeng. I forsvaret spelte venstre back Knut Igesund godt, og i angrepsrekka viste s.l Kjartan fagerlund mange fine tekniske detaljar og hadde en god plan i spelet.


KAMPREFERAT


SERIEKAMPER