Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












3-0 tap mot Spjelkavik

Kampreferat 1969:

Spjelkavik - Bergsøy 3-0




15.05.1969








Vedlegg til kampen


Tabell og lag


Vestlandsnytt

Kampreferat

Etter to seriekampar har Bergsøy no berre ett poeng, men kan trøste seg med at sesongens to dårligaste kampar er unnagjort.

Det som virka tydelig denne kampen var at Bergsøy var hjelpeslause på ei våt og tung grasbane. Når ein trenar på grus og skal spele bortekampar på gras så blir det ofte til at spelarane ikkje meistrar forholda. Spelarane prøvde å få til spel, men det lykkast ikkje så godt sjølv om Kjartan fagerlund hadde eit skot i stanga.

På Spjelkavik var Perry Holen bestemann som scora to av måla, og det tredje målet blei scora av Svein Furmyr. Hos Bergsøy var det Knut Igesund som var lages bestemann.

Hos Bergsøy spelte:
Jan Karsten Myrhol, Knut Igesund, Gunnar Kjellstadli, John Johannesen, Sigmund Paulsen, Ronald Moen, Oskar Wåge, Eldar Eilertsen, Fred Frantzen, Kjartan Fagerlund, Asbjørn Myklebust.


KAMPREFERAT


SERIEKAMPER