Knut Teige
06.09.1970
Bjørn Riise
Vedlegg til kampen
Bilde
Bilde
Kampreferat
Langevåg vann fortjent etter at lufta gikk ut av Bergsøy 8 minutt ut i den andre omgangen på stillinga 2-0. Det var Langevåg sin venstreving Røssevold som satte inn dette målet på eit fint skruskot.
Bergsøy starta kampen med ein 4-3-3 formasjon og hadde eit håp om å tilrive seg midtbanespelet.
I starten av kampen lykkast Bergsøy og spelte seg til nokre farlige sjansar, men midtvegs i omgangen tok Langevåg såpass over spelet at eit mål til dei gule låg i lufta. Etter 36.minutt var det Arild Andersen som kom seg fri på 16 meteren og sende av gårde eit skot som keeper Nørvåg ikkje hadde nokon sjanse å ta.
Etter 1-0 til Langevåg til pause gikk Bergsøy ut i ein 4-2-4 formasjon etter pausen for å gå etter utlikning, men istaden var det Langevåg som gikk opp i 2-0. Keeper Nørvåg måtte fleire gongar vise kva han var god for med sine redningar.
For Bergsøy si side blei omgangen prega av mange feilpasningar, noko kanskje den sleipe bana kan ta litt av skylda for. Men først mot slutten av omgangen gjorde Bergsøy eit forsøk på å ta igjen Langevåg, og Magnar Aursnes blei satt fram i løparrekka.
Fire minutt før full tid blei Knut Teige spelt fri av Asbjørn Myklebust, og han forserte 5 meter før han satte ballen i mål med venstrefoten. Da fekk Bergsøy nye krefter og skapte eit stort press mot Langevågburet, men før utlikninga kom blåste dommar Bjørn Riise av kampen.
Alt i alt ein fortjent siger til heimelaget som vann dei fleste duellane, og hadde banens beste spelar i matchvinnar Bjørn Røssevold. Gode var også lagets keeper Sandvik og midtbanespelaren Andersen. På Bergsøy sitt lag var det midtstopparduoen med Aursnes som var dei beste, mens Asbjørn Myklebust var den mest toneangivande i angrepet. Bergsøy ligg fortsatt på ein 4.plass på tabellen med 11 poeng etter 12 kampar.