0-1 Knut Teige (39), 0-2 Fred Frantzen (41), 0-3 Knut Teige (45), 0-4 Knut Teige (50)
01.10.1972
4 gule kort til vrf
Tor Olsen, Volda
600 tillskuere
Vedlegg til kampen
Avisutklipp
Fra album
Avisutklipp
Fra album
Kampreferat
Bergsøy avslutta sesongen 1972 med å slå VRF 4-0, og var faktisk nærmare både 5-0 og 6-0 enn VRF var redusering.
Dei få skota som kom mot Bergsøyburet tok Jan Myrhol seg enkelt av.
Dette var en av lagets aller beste kampar for året, og kontrakta blei sikra da Herd tapte 4-0 mot Ørsta på Aksla.
Kampen opna litt famlande der begge lag hadde scoringssjansar i starten. Arnljot Worren var aleine med keeper Alnes uten å lykkast.
VRF sin største sjanse var da John Johanessen sende i vei et langskot fra 16 meters hald. Det sto att 6 minutt av den første omgangen da
Knut teige blei spela fri, og aleine gjorde han ingen feil. 1-0 til heimelaget.
Dette kom nokså overraskande på dei 600 tillskodarane som var møtt opp. To minutt seinare var det klart for 2-0 da Fred Frantzen lurte av en forsvarar og sette ballen laust forbi keeper.
Og like før dommaren blåste for halvtid var det også klart for 3-0 da Knut Teige fekk skikkelig dreis på et skudd fra 14 meters hald som gikk heilt oppe i krysset.
Dei tre raske scoringane skulle ta kneken på VRF-laget. Bergsøy la på til 4-0, og nok engong var det Knut Teige. Han spurta ifra forsvaret og lurte ballen forbi keeper.
Jack Pettersen hadde også et skot i stanga. Bergsøy enda dermed med 9 poeng, mot 11 ifjor og 13 året før. Vi håper utviklinga ikkje skjer vidare.
På Bergsøy sitt lag spelte alle bra, honnør til Ronald Moen som måtte steppe inn som høgreback på kort varsel da den faste backen Agnar Vike måtte melde forfall.
Jan Karsten Myrhol var kjempegod i mål, medan Knut teige var målfarlig som aldri før.