Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Ålesund vann lett

Kampreferat 1978:

Ålesund - Bergsøy 4-2 (3-1)



Trond Paulsen, Eldar Zahl



Agnar Vike


Oddmund Kaldhussæther






Vedlegg til kampen

Kampreferat

Som venta vann leiarlaget Ålesund ein lett seier over et haltande Bergsøylag som for tida er inne i ei blindgate. Det har blitt alt for mange baklengsmål for Bergsøy i det siste. Hittil i sesongen har det blitt fire tap, tre sigrar og fem poeng på sju kampar. Også i denne kampen vart Bergsøy pressa over på defansive i starten, og allereie etter femten minutter var kampen avgjord da heimelaget leia med 2-0. Reidar Vågnes og Arne Grønvik var målscorere. Diskusjonen raste om ÅFK's første mål da Vågnes heddet inn i klynga fra kort hold. Dommaren meinte ballen var inne, det meinte ikkje Bergsøy. Bergøy kom meir med etter dette, men uten å skape særlige sjansar frammover.
(Bildet: Helge Nøstdahl, Arne Grønvik og Ottar Berild på besøk hos forsvarer Asbjørn Myklebust)

Etter halvspelt omgang økte Ålesund til 3-0. Arne Grønvik fekk ballen i klar offsidesituasjon og scoret sikkert. Et minutt seinare var det endelig noe å¨juble for. Trond Paulsen sendte en høg ball mot mål som Åfk keeper Midtgård missa stygt på og slo ballen i eige nett.

(Bildet: Øyvind Møller som hedder ballen skrått nedover og ut. Dommeren mente ballen var inne)

Etter pausen tok Bergsøy mer over og hadde et godt tak på kampen. Til tider var det panikk i Ålesund sitt forsvar. Derimot var det Ålesund som skulle få det første målet. Helge Nøstdal sprang igjennom det åpne Bergsøyforsvaret og trygga seieren med si 4-1 scåring. Bergsøy gav likevel ikkje opp. Bjørn Myklebust hadde ei fin forsering og la inn foran mål. Etter litt klabb og babb i feltet lykkast det Eldar Zahl å sette ballen i nettet til redusering. Også i sluttminutta var Bergsøy nære på å få fleire mål. Men alt i alt var det en fortent seier til heimelaget. Bergsøy må jobbe meir med å tette i forsvaret. Knut Igesund var nok den nyttigaste denne gongen som sweeper.


KAMPREFERAT


SERIEKAMPER