Vedlegg til kampen
Kampreferat
Ørsta vann overbevisande 4-0 mot Bergsøy og spelte ein ganske god kamp. Bergsøy på sin side hadde ikkje den beste dagen i forsvaret.
Paul Håskjold satte inn 1-0 og 2-0 mens Erik Brautaset og Stein Aam fastsatte til 4-0.
Det var gode speleforhold, og heimepublikum fekk sjå årsbeste av heimelaget i en sjåverdig kamp. Det er sjeldent en opplever så mange klare målsjanse i en fotballkamp som i denne kampen.
Ørsta fekk en fin start på kampen, og Bergsøykeeper Martin Pettesen mykje å gjere på. Det første målet kom etter 10 minutt, og det var litt sjølvforskyllt av Bergsøy. Paul Arne Håskjold utnytta et dårlig tilbakespel av ein Bergsøy forsvarar, og gjorde ingen feil aleine med keeper.
Bergsøy var fortsatt med i kampen, og særlig Fred Frantzen skapte endel problem for heimelagets forsvar. Etter halvtimen kunne han raskt både utlikna og seinare ført Bergsøy i ledelsen. Eine gongen redda backen Steinar SKodje og to gongar var det heimelagets keeper som avverga baklengs.
Eit skudd av Ørsta sin spelar Leif Rogne var nærme på å øke til 2-0 frå 20 meter, men Martin Pettersen slo ballen i stanga. Idar Vartdal burde kanskje satt returen imål, men satte den utanfor stolpen. Ørsta kontrollerte resten av omgangen.
Etter pause blei Ørsta meir dominerande. Heimelaget spelte svært godt, og Bergsøy fekk problem med markeringane. Alle berre venta på dei neste scoringane, og den neste kom 15 minutt ut i omgangen. Det var Ørsta sin toppscorar Paul Arne Håskjold som satte ballen imål etter godt forarbeid av Erik Brautaset.
Største sjansen til Bergsøy i denne omgangen var det Svein Arne Møller som fekk da han kom aleine med keeåer Dag Mork, men det lykkast ikkje.
20 minutt før slutt økte tekniske Erik Brautaset til 3-0 etter å ha lurt Bergsøy sin midtstopper Knut Igesund og styrte ballen imål. Fem minutt etter kom siste spikeren til 4-0 da Kjell Arne Sætre la inn foran mål og Stein Aam dundra ballen imål like ved stanga.