Fred Frantzen, Svein Arne Møller
24.05.1979
Kåre Erlandsen
Vedlegg til kampen
Avisutklipp
Fra album
Kampreferat
Bergsøy har ennå ikkje tapt i årets serie etter at det blei uavgjort borte mot Clausenenga.
Bergsøy var faktisk nærme på å få med seg alle poenga ettersom laget hadde 2-1 ledelsen da det gjennsto 7 minutt av kampen.
Bergsøy tok initiativet fra avpark, men Clausenenga kom sterkare etterkvart.
Bergsøy hadde ei stund problem å finne markeringane sine og det skulle straffe seg. Heimelagets Jan Olav Grimnes sitt skudd frå 25 meter skrudde seg i hjørnet via stolpen, og da hadde det vore spelt berre 4 minutt.
Bergsøy kom tilbake og kjempa seg første på ballen og var førande i resten av omgangen.
Det eine angrepet etter den andre blei bygt opp, og det låg ei scoring i lufta.
Etter halvtimen kom utlikninga. Et høgt innlegg fra Asbjørn Myklebust blei følgt opp av Fred Frantzen i duell med en forsvarar. Forsvararen og keeperen kolliderte, og Fred hadde ingen problem med å sette ballen imål til 1-1.
Bergsøy fortsatte å presse heimelaget, og 7 minutt seinare tok laget også ledelsen.
Frantzen forserte på høgresida og innlegget nikka Svein Arne Møller i nettet via ein forsvarar. Omgangen ebba så ut med Bergsøy overtak.
I den andre omgangen kom heimelaget sterkare, men laget var noko ineffektivt. Midt i omgangen noterte vi et godt skudd fra Bergsøykaptein Asbjørn Myklebust, men det sneik seg på utsida av stolpen.
Det såg ut til at Bergsøy skulle få med seg begge poenga, men så kom Per Ole Egstad 7 minutt før slutt. Det virka tydelig at han mottok ballen i offsideposisjon, men hverken dommar eller linjemann reagerte. Med klar bane mot mål scora han mellom beina på forsvarer Øyvind Møller.
Mertin Pettersen var god i Bergsøymålet, og Bård Ottesen og Øyvind Møller var gode i forsvaret til Bergsøy. Heile midtbana sleit som valig godt, med pluss til kondisjonssterke Kjartan Paulsen. Lengre framme var Asbjørn Myklebust god til han måtte ut et stykke ut i 2.omgang.