August 1980 - Bergsøy Stadion
Arne Thrana
Vedlegg til kampen
Avisutklipp
Fra album
Kampreferat
Etter denne serierunden virker det som at serien har åpna seg heilt. Det som før ferien såg ut til å være dominert av eit godt Skarbøviklag, er no ein heilt åpen serie der Skarbøvik står med 20 poeng, Ålesund 19, Bergsøy 18 og Størdals/Blink 17.
Alt kunne skje i denne kampen der altså to av seriens utfordrarar møttes, men uavgjort var likevel det dei fleste hadde trodd på forhånd og det gikk også den veien - akkurat som sist laga møttest.
Forsvaret var dominerande med Igesund/Myklebust hos Bergsøy, mens Kevan Bird på bortelaget var dominerande i sitt lag. Også keeperane på begge lag var med på å rydde godt opp i alle angrep som blei servert.
Bergsøy var nok nærast to poeng etter eit overtak i dei lengste periodene, men det blei for spinkelt denne gangen.