0-1 Frode Wilhelmsen (30), 0-2 Fred Frantzen (65, str), 1-2 Arne Egil Olsen (67)
Sentralidrettsbana
Fred Frantzen
300 tillskuere
Vedlegg til kampen
Avisutklipp
Fra album
Kampreferat
Bergsøy, Tornado og Skarbøvik held koken på toppen av tabellen, og slik den 20.serierunden utarta seg så er det bare desse tre igjen som kan ta steget opp til den nasjonale serien.
Bergsøy overbeviste i Atlanten, og sigeren burde nok vorte større enn 2-1 etter eit klart overtak i det meste av kampen.
Bana var tung og vanskelig etter mykje regn, og regnvær var det også under hele kampen. Men Bergsøy bretta opp ermane og tok over kampen, og det første målet kom etter omtrent 30 minutter.
Fred Frantzen dribla seg fri på 16 meteren og slo inn i feltet der Trond paulsen storma til. Trond rakk imidlertid ikkje fram til ballen, men det gjorde Frode Wilhelmsen som satte ballen i nettaket frå 5 meter.
Clausenenga hadde nok med å forsvare seg resten av den første omgangen. Også etter pausen var det Bergsøy som pressa på for fleire mål, men det gjørmette underlaget spolerte for fleire av sjansane.
2-0 kom omtrent 20 minutter ut i omgangen, og det på eit straffespark som Fred Frantzen satte imål. Straffesparket blei dømt etter at jack Pettersen fyrte av eit skot som gikk i ei forsvarende hånd.
2 minutter etter at Bergsøy økte sin ledelse kom reduseringa. Johs Nørvåg var på vei ut, men nådde ikkje fram idet Arne Egil Olsen headda ballen i det tomme buret. Etter dette hadde Clausenenga ei god periode, før Bergsøy på nytt tok over meir og meir mot slutten. Fred Frantzen var nære på å øke ledelsen mot slutten.
Øyvind Møller og Kjartan paulsen spelte sine beste kampar for året, og alle kjempa bra for laget.
Fred Frantzen fekk sitt tredje gule for sesongen, og må dermed stå over den viktige kampen heime mot Tornado.
Elles fortjener også supporterne ros. Omtrent 150 supportere hadde tatt turen til Kristuansund denne dagen, og dei hadde god oppførsel.