Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Underholdande tross mållaust

Kampreferat 1982:

Tornado - Bergsøy 0-0




05.09.1982 - Måløy Stadion



Arild Ødegård






Kampreferat

Bergsøy held fram å plukke poeng, og søndagens mållause kamp på Måløy Stadion vart lagets niande kamp uten tap. Det var likevel tett før at heimelaget tok alle poenga, spessielt 10 minutt ut i den andre omgangen da ballen small i stolpen.

Det blei aldri nokon god kamp. Bergsøy satsa defansivt, og virka fornøgde med det eine poenget. Men Bergsøy var også det beste laget i den første omgangen, sjølv om det ikkje blei noko stort spel av den grunn. Det var eit spel prega av lange ballar og store rom mellom lagdelane. Paul-Kurt Nerland var solospiss og hadde ei tøff oppgave mot fire sterke forsvararar, og det blei igrunnen eit rått parti.

Berre ein gong blei det farlig, det var då jack Pettersen fann hovudet til Paul Kurt Nerland med eit flott innlegg. Headdinge gjekk derimot rett på keeper. Etter halvtimen var samme duo nok ein gong på farta, men da var keeperen raskt frampå idet Nerland strakk seg etter ballen. Nærmare var nok Bergsøy da Bård Ottesen var oppe i eit godt angrep. Frode Wilhelmsen hadde kome inn for Ivan Myklebust, og klemte til eit skudd som keeper halvklarerte. Ballen dala mot det opne målet, og ein forsvarar rakk å klarere det vekk.

På slutten av den første omgangen måtte Martin Pettersen rydde opp da heimelaget avr falrig frampå. Og følelsen var at det kanskje måtte forsvarstabber til før nokon av laga skulle få mål denne kampen.

Etter pausen var det Bergsøy som blei hardast pressa, og som nemnt var den største sjansen då ballen small i stolpen. returen gikk rett tilbake til ein liggande Martin Pettersen i Bergsøymålet. 10 minutt før slutt kunne eit arbeidsuhell av ein ellers god Knut Igesund ha avgjort kampen. Tornado fekk indirekte frispark på 18 meters hald, og skuddet til Jan Gunnar Telvik skrudde seg rundt muren. Martin Pettersen rydda heldigvis opp.

Knut Igesund og Jack Pettersen var spelarane som ofra seg mest både i forsvar og angrep denne gangen. Kjetil Goksøyr kom inn då Rolv Bakke måtte gå ut med skade 17 minutt ut i den andre omgangen.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER