0-1 Leif Arne Grimstad (10), 1-1 Knut Igesund (39), 2-1 Fred Frantzen (63)
11.09.1982 - Bergsøy Stadion
Robert Iversen
Kampreferat
Bergsøy har no 10 strake kampar uten tap, men måtte sjå at det var Hareid som kom best igang og tok ledelsen.
Heile Hareidslaget var med i angrep og slo fleire pasningar før den hamna hos høgreback Erling Hareide som fann Leif Arne Grimstad på motsatt stolpe. Grimstad satte enkelt fram foten og satte Hareid i ledelsen.
Det gjekk ei stund før Bergsøy kom igang emd angrepsspelet sitt på den blaute bana. Det var vanskelig å lykkast med småspel og korte pasningar. Etter 20 minutt var Henning Moltubakk nære på å utlikne på eit godt skot som ein forsvarar redda på streken.
Tre minutt seinare var det Fred Frantzen som headda i mål etter duell med keeper Lasse Flø, men dommaren annulerte korrekt for angrep på keeper.
Like etterpå var det Hareid som var falrig frampå, og Tom Fredriksen sitt skot gikk like utanfor.
Knut Igesund var mannen som ordna utlikning til 1-1 seks minutt før pausen. Fred Frantzen la eit lavt hjørnespark som Frode Wilhelmsen hoppa over, og Bergsøy-kapteinen Igesund smelte til på direkten.
Etter pausen var det eit nytt Bergsøylag som kom på bana, og det vart stort sett envegskjøring mot Hareid sitt mål. I det 6.speleminuttet noterte vi ei redning påstrek etter corner, og to minutt seinare fekk keeper såvidt ei hånd på ballen da Paul-Kurt stupte fram på eit innlegg.
Like etter var Paul-Kurt frampå igjen, men keeperen var godt plassert.
Det låg ei scoring i lufta, og sigersmålet kom 18 minutt ut i omgangen etter at Fred Frantzen headda imål. Det var Frode Wilhelmsen som gjorde grovarbeidet før han la inn i feltet. Tre minutt seinare hadde Paul-Kurt Nerland ein kjempesjanse etter å ha blitt spelt fri av Jack Pettersen, men han satte ballen rett i fanget på keeper.
Heile laget skal ha ros for ein godt gjennomført kamp. Trond Paulsen hadde et snev av influensa og såg det meste fra sidelinja, men på slutten tok han over for Paul-Kurt Nerland. På slutten kom også Marvin Arnesen inn istaden for Fred Frantzen.
Vedlegg til kampen
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt