Kampreferat
Det er trist å være vitne til korleis Bergsøylaget slit for tida. De to ettmålstapa hittil i seesongen har
kome på tvilsomme straffespark, men denne gangen var det ikkje tvil om straffesparket som skulle føre til tapet mot Fram.
Dommaren gjorde rett da han dømte straffe etter fellinga av Snorre Gulbrandsen, og mange av dei frammøtte tilskuerane viste sin misnøye med Bersgøyspelet ved å forlate stadion før fløyta gikk for full tid.
Vestlandsnytt kalla dette for eit av dei tristaste Bergsøylaga dei har sett. Då er det trist at kampen blei sett av nær 700 tilskuerar i flott solskinnsvær. Det var finare ramme rundt kampen enn det som blei prestert på bana.
Bildet av Vestlandsnytt/Per Moltu viser Marvin Arnesen i duell
Bergsøy hadde mest ballen igjennom kampen, og fortjente tross alt eit poeng. Men når ikkje Bergsøy presterar å lage gode nok sjansar eller score mål, samt at motstanderen får straffespark, så blir det lite poeng.
En skulle tru at Bergsøy ville legge om til å spele meir direkte fotball etter scoringa, men framleis gikk det meste av spelet på kryss og tvers. Ei tid kunne det virke som heimelaget var mer intressert enn gjestane i å få tida til å gå.
Kampen starta imidlertid positivt med et bergsøyangrep like etter kampstart, men det blei for trangt.
Tross overtak klarte ikkje Bergsøy å produsere særlig med sjansar. Etter 25 minutt kom Fred Frantzen på skothold, men skotet gikk i kroppen på en forsvarar og returen sende Henning Moltubakk halvmeteren til side for mål.
Kaptein Knut Igesund var ikkje med denne gang, men Gullik Kjelstadli klarte seg godt på veteranen sin plass. Paul Kurt Nerland og Martin Pettersen må elles framhevast som gode, og Nerland var god å ha i luftduellane mot storvokste trønderar. Martin Pettersen leverte nærmast ein prikkfri kamp.
Vedlegg til kampen
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt