Kampreferat
Hverken Åndalsnes eller Bergsøy mestra vindforholda på Øran denne onsdagen.
Resultatet var rettferdig, sjølv om heimelaget skapte endel farlige situasjonar i Bergsøy sitt målfelt.
Bergsøy på si side har store problem med å skape målsjansar, og keeper Hallgeir Walquist blei aldri satt på ei stor prøve.
Spelarane fekk ein skikkelig bakoversveis av den kraftige vinden på langs av bana, og før pause var det heimelaget som skapte sjansar.
Nærmast var Olger Staurset da han kom heilt igjennom og hadde berre keeper Martin Pettersen igjen, men sisteskansen redda til corner.
Ein corner seinare i omgangen blei farlig, men small i tverrleggaren.
Den første omgangen blei dominert av heimelaget i medvinden, men det blei altså ingen mål ut av det.
Idet Bergsøy fekk medvind etter pause kunne en kanskje tru at dei kunne skape noko, men det skjedde aldri.
Den andre omgangen var ei kjedelig affære.
konklusjonen på Bergsøy er hittil denne sesongen triste saker. Det er langt fra samme lag som sist sesong tok tre av fire mulige poeng mot Molde FK. Laget hadde liten framdrift og skal dei ta poeng må stjerner som Fred Frantzen gjere det.
Han fekk berre glimtvis vist fram kvalitetene som bur i han. Midtstopper Knut Igesund spelte godt mens keeper Martin Pettersen reddet laget fra baklengsmål.
Vedlegg til kampen