Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Poengdeling mot Hareid

Kampreferat 1982:

Hareid - Bergsøy 1-1 (0-0)



Fred Frantzen


31.05.1982



Lars Rogne



1140 betalande


Martin Pettersen Frank Otto Frøystadvåg



Kampreferat

Det var fartsfyllt og spennande mellom Hareid og Bergsøy, men det blei aldri en god kamp spelesmessig. Særlig gjekk det lenge før Bergsøy fekk samla seg, og for første gang iår har laget grunn til å være fornøgd med et resultat. Dei skal også være fornøgd med ramma rundt kampen. 1140 betalande, der mange hadde tatt turen frå Herøy. Stadion ligg skjerma frå vinden, og det blei etterkvart varmare enn dei satte pris på.

Det såg mørkt ut da Hareid gikk opp ti l1-0 tidlig i den andre omgangen. Et skot som Martin Pettersen ikkje hadde hatt problem med før skaden han pådro seg tidligare i kampen. Det skjedde då han rykte ut til eit laust tilbakespel, og Hareidspelaren han kolliderte med fekk seg en luftetur på mange meter. Etter at foten svikta då han skulle satse på å avverge målet var det nok, og Martin måtte kaste inn handkleet. Det var duka for debut for Frank Otto Frøystadvåg i mål.

10 minutt etter scoringa var Hareid nærme på å øke til 2-0, men Ivan Myklebust redda på streken. Istaden var det Fred Frantzen som fann ei åpning og satte ballen inn bak Hareid sin keeper Lars Atle Flø. Bergsøy kom sterkare etter utlikninga, og det oppsto sjansar til begge lag.

Bergsøyforsvaret gjennomførte en god kamp, der Gullik Kjelstadli passa godt på Hareid sitt angrep. Et anna positivt trekk var at Tony Pettersen leverte sin beste kamp til dags dato på A-laget. Han har sin styrke i pasningar som kan opne eit forsvar. Frode Wilhelmsen kom inn for Trond Vike litt før pause, og satte meir fart i angrepet.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER