0-1 Frode Wilhelmsen (6), 1-1 Bjørn Atle Skaaden (22), 1-2 Rolv Bakke (51), 1-3 Henning Solem (86)
07.08.1983 - Idrettsplassen Sandane
Bjarne Bakke
Ca 200 tilskuerar
Kampreferat
Bergsøy fekk to velfortjente poeng da dei spelte mot Sandane denne søndagen, mot eit lag som desperat er på jakt etter poeng.
Ingen kan seie at resultatet blei ufortjent i den steikande sommervarmen, spessielt etter den andre omgangen.
Bergsøy har tidvis misslykkast i slike kampar tidligare, så dette var gledelig. Trenarane ser også ut til å ha funnet ein formasjon som passer spelarane.
Berre 6 minutt var gått da Bergsøy tok ledelsen. Rolv Bakke kasta ballen til Fred Frantzen som kom seg ned på linja og tråkla seg mot mål. Han sentra vidare til Frode Wilhelmsen som styrte ballen i det åpne målet.
Omgangen var imidlertid jamnspelt, og det var ikkje ufortjent at Bjørn Atle Skaaden skrudde inn 1-1 på eit frispark. Bergsøy burde likevel unngått dette målet med litt bedre mur og plassering i den situasjonen. Heimelaget var også nærme på å gå opp i ledelsen like etter da Skaaden
runda både forsvar og keeper, men ballen gikk i stolpen.
Like stor sjanse hadde Bergsøy til å ta ledelsen før pause da Henning Solem og Trond paulsen kombinerte og opna opp heimelagets forsvar. Henning hadde god tid på seg til å plassere ballen, men skuddet gikk rett i kroppen på ein liggande keeper Magnar Solheim.
Det var innsatsen i den andre omgangen som la grunnlaget for Bergsøy sin siger denne gangen. Det var Rolv Bakke som la grunnlaget med si 2-1 scoring. Bakke forserte fram til hjørnet av 16 meteren, og da alle venta innlegg klinka han ballen rett i nærheten av krysset til 2-1.
Etter dette målet tetta Bergsøy bra til i forsvar og gjorde det vanskelig for heimelaget. Heimelaget prøvde å utlikne febrilsk mot slutten, men det blei aldri deti heilt store sjansane. Istaden var det Bergsøy som avgjorde med eit angrep heilt mot slutten av kampen, og Hennig Solem avslutta med eit skot som gikk mellom stanga og keeper frå kort hald.
Best på heimelaget var Bjørn Skaaden og Åge Hansen.
På Bergsøy var Rolv Bakke eit hakk bedre enn dei andre.
Vedlegg til kampen
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt