Kampreferat
Det var mållaust, men ikkje bare ein kjedelig kamp mellom Bergsøy og Hareid. Desse laga har vist seg som jamngode gjennom sesongen, og sånn sett var eit uavgjort ikkje uventa når det skiller laga kun eit poeng på tabellen.
Sant nok var det ikkje fantastisk underholdning, men det svikta foran mål. Kanskje var Hareid nærmast sigeren idet Ivan Myklebust redda på streken, som han har gjort tidligare også mot Hareid. Bergsøy hadde likevel også sine sjansar, så uavgjort virker rettferdig.
Med 800 tilskuerar var det publikumsrekord for året på Stadion, og ein stor del av desse kom ifrå Hareid. Dei tilreisande fekk sjå at Hareid hadde overtaket i første halvdel av kampen, og etter 8 minutt hadde midtbanedirigenten geir Holstad eit skudd som gikk like til side for krysset.
Dei fleste framspel Bergsøy hadde i denne perioda vart alt for upresise.
Bergsøy sin første store sjanse var då Trond Paulsen kom seg ned til linja etter 18 minutt, og Frode Wilhelmsen fekk innlegget. Skuddet til Wilhelmsen gikk over mål frå kort avstand. Fem minutt før 1.omgang var over var Wilhelmsen frammpå igjen, og runda keeper også, men kom så skeivt på målet at det endte i corner.
Hareid kom best igang også etter pausen, men det nærmaste var altså då Ivan Myklebust måtte gjere ei redning på strek. Bergsøy sin største mulighet var då Trond Paulsen følgte eit overlegg heilt inn så han sjølv gikk i nettet, men keeper tok ballen.
Beste lagdeler var forsvar hos begge lag. God kamp også av keeperane. Geir Holstad dominerte på midten for Hareid og Ivan Myklebust var BIL sin bestemann denne gangen.
Vedlegg til kampen
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt