Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Årets første heimekamp

Kampreferat 1983:

Bergsøy- Sandane 3-2 (1-1)



Knut Igesund, Knut Teige, Frode Wilhelmsen


01.05.1983



Oddmund Kaldhusseter



Skuffande få møtte opp i finværet




Kampreferat

Begge lag kom som kjent dårlig ut i sesongpremiæren og følte de var avhengige av poeng i denne kampen for å ikkje komme skeivt ut. Desverre sliter Bergsøy sitt lag med flere skader, og Kjartan Paulsen (strekk), Knut Teige (strekk), Arthur Almestad (Strekk) og Fred Frantzen (Ankelskade) var usikre foran denne kampen.

To grove feil av eit elles godt Bergsøyforsvar kunne ha kosta Bergsøy sigeren denne gangen, men innbytterane Hennnig Solem og Frode Wilhelmsen kom i hovedrolla og avgjorde til Bergsøy sin fordel. Bergsøy var klare favorittar, men måtte gjere litt omrokkeringar. Ivan Myklebust var satt inn på midtbane idet Kjartan Paulsen var skadet. Knut Teige og Fred Frantzen starta ilag, og mange var nok spente på kva dei kunne utrette ilag.

Fred Frantzen fekk ein sjanse alt etter 6 minutt, men skotet frå 15 meter gikk utanfor. Omgangens finaste angrep etter 23 minutt gav heller ikkje resultat. Fred holdt på ballen innanfor 16 meteren og la ei pasning til Knut Teige som kom bakfra, men hjørnespark var alt Bergsøy fekk ut av den sjansen.

Det var ein kalddusj da gjestane gikk opp i 1-0. Dagmund Evebø kom høgast og headda inn 1-0, utagbart for Martin Pettersen. Cornere var også det farligste Bergsøy klarte å prestere, og femminutt før pause var det ein corner som endte på foten til Knut Igesund som satte inn 1-1.

Høgreback Øyvind Møller var delaktig i 2-1 scoirnga berre fem minutter etter sidebytte, da han fann Knut Teige med eit framspel. Knut stussa ballen forbi ein møtande keeper og scora eit typisk Teige-mål. Sandane var likevel ikkje ufarlige og hadde sjansar både før og etter dette, og Bjørn Atle Skaader tok vare på den eine sjansen da han utlikna til 2-2.

Tilslutt var det Frode Wilhelmsen som skulle avgjere til Bergsøy sin fordel.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER