Kampreferat
Det var iskaldt denne septemberdagen. Iskalde stormbyger og striregn gjorde det umulig å spele god fotball.
Alle hadde det meir enn nok med å halde varmen, og dermed enda kampen uten scoringar. Så ille var forholda at dommar Bernhard Riksfjord etter 20 minutt samråda seg med kapteinane om kampen skulle blåsast av.
Reidar Vågnes og Trond paulsen ville derimot berre bli ferdige og spelet blei satt igang igjen.
Heimelaget valgte medvind i den første omgangen, og fekk eit markant overtak. To gangar var dei aleine med keeper.
Arnvid Husøy møtte korrekt og fekk avverga. Bergsøy kom sterkare etterkvart, og greide tross motvinden å presse heimelaget med lange ballar til løpsvillige Frode Wilhelmsen og Henning Solem.
Arthur Almestad la inn til det som kanskje var Bergsøy sin største sjanse, men Gullik Kjelastadli rakk ikkje fram til ballen i tide.
Etter pausen jamna det seg meir ut, og Bergsøy greidde ikkje å utnytte medvinden. Sjansar blei det likevel, som da Fred Frantzen skøt så keeper Kjell Sandvik måtte strekke seg i full lengde. Frode Wilhelmsen hadde nok den største sjansen da han headda ein markkrypar i stolpen, og ballen trilla langs streken. Over streken ville derimot ikkje ballen.
Dei to juniorane Nils Roger Paulsen og Perry Kopperstad fekk prøve seg på slutten, men det var nok lite inspirerande å debutere under slike forhold.
Arnvid Husøy var sikker skanse og Paul Kurt Nerland ruva i forsvaret.
Vedlegg til kampen
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt