Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Bergsøy med årsbeste

Kampreferat 1983:

Bergsøy - Tornado 2-0 (1-0)



1-0 Knut Teige (13), 2-0 Arthur Alemstad (68)


15.05.1983 - Bergsøy Stadion


Martin Pettersen, Rolf Holme


Arild Ødegård



760 tilskuere


Best var Frode Wilhelmsen, Øyvind Møller og Trond Paulsen.



Kampreferat

Bergsøy skjerpa seg kraftig i denne kampen etter den dårlige prestasjonen mot Rollon i sist kamp, og sigeren burde blitte nnå større. Alt ifrå avspark var Bergsøy det beste laget, og med unntak av ei lita periode i den andre omagangen så var det heimelaget Bergsøy som hadde kontroll på kampen.

Den beste lagdelen til tornado var forsvaret, og det var det som gjorde at sigeren ikkje blei større til Bergsøy. Bortelagets Torbjørn Glomnes og Rune Rutledal i forsvaret gjorde det dei kunne for å hindre at Bergsøy skulle få mål. Bergsøy stilte denne gangen med angrepsvillige kantar, og 1-0 kom tidlig i den første omgangen. Ei lang pasning frå Trond Paulsen blei møtt av Knut Teige som skalla den kontant i nota. Og dette var slett ikkje det einaste angrepet Tornado-keeper Leif Arne Berg fekk mot seg før pause, men likevel blei det berre 1-0 før sidebytte.
Arthur Almestad setter inn 2-0


Tornado hadde så eit lite overtak i ei periode i den andre omgangen, men kom ikkje til ein einaste sjanse. Bergsøy tok deretter over igjen, men hadde problemer med å få uttelling på sine sjansar. Det var redningar på strek og møljespel nokre gongar, men det avgjerande målet kom ikkje før omgangen var halvspelt. Det blei innbyttar Arthur Almestad som fekk ei langpasning frå Fred Frantzen, og han dro seg fri og scora via keeper Berg.

Bergsøykeeper Martin Pettersen måtte også kapitulere ein gong, men dette blei dømt offside. Elles må vi seie at Frode Wilhelmsen fekk mange ballar å arbeide med og var best i angrepet, Øyvind Møller på sidebacken var angrepsvillig og var veldig god, mens Trond Paulsen gjorde det godt spessielt før pause.

Bergsøylaget:

Martin Pettersen, Øyvind Møller, Ivan Myklebust, Gullik Kjelstadli, Rolv Bakke, Lars Ove Almestad (Kjartan Paulsen inn 72), Trond Paulsen, Fred Frantzen, Frode Wilhelmsen, Knut Teige, Henning Solem (Arthur Almestad inn 57).


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER