Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












800 såg lokaloppgjøret

Kampreferat 1983:

Hareid - Bergsøy 1-1



1-0 Arve Holstad (33), 1-1 Trond Paulsen (43)


04.06.1983



Kåre Erlandsen



800 tillskuere




Kampreferat

Det blei 1-1 for tredje kamp iår for Bergsøy i en kamp der begge lag kunne ha scora fleire mål. Kampen sett under eitt så var poengdeling eit greitt resultat.

Hareid kom best igang, og berre 10 minutt hadde gått da Bergsøy sin glimrande midtstoppar Ivan Myklebust måtte spurte for å innhente ein ball Knut Strande hadde stussa forbi keeper. Hareid hadde initiativet i kampen første 20 minutta, men uten å spele seg fram til fleire sjansar.

I det 28.speleminutt feilrekna keeper Lars Atle Flø ein høg ball, men ein forsvarer kom og fekk ballen ut av faresona. Knut Strande var frampå med ei headding i tverrleggaren, men elles dreia det emste seg om Bergsøy i denne perioda.

Det var likevel Hareid som scåra først. Etter 33 minutt utnytta Arve Holstad ei missforståing mellom keeper og forsvar og satte inn leiarmålet 1-0. Like etterpå måtte Ivan Myklebust nok ein gong redde ballen på streken. Utlikninga kom 3 minutter før pausen. Knut Igesund sende av gårde eit overlegg på hovudet til Fred Frantzen som stussa bakover til ein umarkert Trond paulsen. Trond satte ballen i det lengste hjørnet for keeper, og slik omgangen utarta seg var det ei fortjent scoirng.

6 minutter etter sidebytte slo Martin Pettersen eit skot vekk frå mål, ettersom Hareid kom best igang etter pausen. Midtveis i omgangen var det Hareid som måtte redde ballen på streken, eter ei headding av Fred Frantzen. Snart gikk han ut, og inn kom Arthur Almestad. 13 minutt av kampen gjennsto da Martin pettersen slapp ein ball rett i fanget på Knut Strande, og spissen blei så overraska at han ikkje klarte å plassere ballen i det åpne målet.

Idag var trekket med å sette Knut Igesund inn somdefansiv midtbanespelar eit godt trekk. Men best av alt var Ivan Myklebust som imponerte med plasseringsevne og styrke i tacklingane.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER