Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Os vann fortjent

Kampreferat 1984:

Os - Bergsøy 3-0 (1-0)



1-0 Odd Jarle Hjelle, 2-0 Kjell Ove Lunde, 3-0 Per Kristian Lyngbø


24.06.1984 - Kuventre



Jan Vallestad, Fyllingen






Kampreferat

Topplaget Os blei for sterke, og Bergsøy hadde lite å stille opp med. Det kunne blitt mer begge veiar, og sluttresultatet kunne like godt blitt 6-3. Bergsøy prøvde seg med samme taktikken som fungerte bra borte mot Ny-Kronborg, men spelarane viste ikkje samme tæl og vilje til å markere - og Os dominerte kampen på midtbana. Særlig backane til Os kom ofte rundt Bergsøyforsvaret og skapte store problemer.

Allereie 15 minutt ut i kampen var det klart for 1-0 etter eit godt heimeangrep. Ballen blei slått tilbake til Odd Jarle Hjelle som dundra ballen via ein Bergsøyfot og i nettet heilt nede ved stolperota. Etter dette hadde Bergsøy to fine kontringsforsøk, og den største sjansen hadde Frode Wilhelmsen da han stakk igjennom et framspel fra Gullik Kjelstadli, men keeper redda situasjonen.

Like etter blei Frode på nytt frispelt av Henning Solem, men ballen gikk til side for mål. Tony Pettersen hadde også et fint forsøk, men fekk ikkje dreis på skotet. Dermed blei det 1-0 til pause.

Etter sidebytte kom Bergsøy meir frammover på bana, men i staden for utlikning auka heimelaget til 2-0. Keeper Jarl Remøy vart hardt pressa etter ein corner slik at han mista ballen i føtene på Os sin toppscårar Kjell Ove Lunde. Dette målet meinar vi burde blitt annulert for angrep på keeper, men dommaren meinte noko anna.

Bergsøy kjørte på offansivt for å ta igjen kampen, og Ivan Myklebust blei kjørt lengre fram i bana samtidig som Paul Kurt Nerland og Fred Frantzen kom inn på midtbana. Bergsøy tok no meir over, samtidig som Os fekk rom til å kontre. Eit skot frå Ivan Myklebust frå 4-5 meters hald blei redda på målstreken i denne perioden. Istaden stakk Per Kristian Lyngbø gjennom og ordna 3-0, og hadde også to store sjansar like etterpå til å auke ledelsen.

Alt i alt ein fortjent siger til heimelaget. Best på Bergsøy var midtstopparduoen Ivan Myklebust og Gullik Kjelstadli. Spissane Wilhelmsen og Solem fekk i denne kampen lite støtte frå midtbana - ei midtbane som mangla Trond Paulsen som sona på grunn av tre gule kort.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER