Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Ett tidlig og eitt seint mål

Kampreferat 1984:

Bergsøy - Jotun 1-1 (1-0)



1-0 Lars Ove Almestad (1), 1-1 Norvald Fedje (86)


01.07.1984 Huldalen



Helge Uggedal, Norborg



300 tillskuere




Kampreferat

Vårsesongen blei avslutta med at Bergsøy og Jotun avslutta med 1-1 i Fosnavåg.

Bergsøy starta kampen med å scåre i det aller første angrepet, og det hadde nok ikkje gått meir enn 30 sekunder før ballen var inne i Jotuns mål. Scoringa kom ifølge bortelaget etter markeringssvikt i Jotunforsvaret, men ifølge Bergsøy kom målet etter nydelig framspel som Lars Ove Almestad sende vidare i mål frå 16 meters hald uten sjanse for bortelagets keeper Åge Svenn Johansen.

Bergsøy var best den første halvtimen, men etter kvart som Jotunspelarane blei kjende med grusunderlaget fekk dei meir initiativet. Jotun ville også ha straffespark då ein av Bergsøy sine forsvarerar handsa inne i målfeltet, og bortelagets Odd Allan Hestetun var også nærme på å sette inn ei utligning med ei headding som gikk like utanfor. Bergsøy kunne også med litt hell ha auke ledelsen.

Det var jamn etter pause, men kanskje eit lite overtak til Jotun. Jotun hadde vinden i ryggen, men det blei ikkje mål før det gjennsto 6-7 minutter av kampen. Målet kom idet Norvald Fedje headda ein corner direkte i mål, og resultatet virka begge lag å være fornøgde med.

Noko stor forestiling på den ujamne og harde grusbana blei det aldri.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER