Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Siger med ny trener

Kampreferat 1984:

Bergsøy - Langevåg 2-1 (1-1)



Trond Paulsen, Frode Wilhelmsen


19.08.1984
Huldalen Grus



Terje Olsen






Kampreferat

Det var eit tent Bergsøy som sikra ein verdifull 2-1 siger over Langevåg i Huldalen etter at det sto 1-1 til pause. Mange var no spent på kva trenerskiftet ville ha å seie for kampen, men det var tydelig at spelarane ville vise seg fram.

Med sigeren er Bergsøy fortsatt over nedrykksstreken, men må fortsatt kejmpe ein hard kamp for å halde seg der.

Det var vanskelige forhold i Huldalen i denne kampen med ein vanskelig vind. Langevåg spelte med vinden i ryggen i den første omgangen, men likevel var det Bergsøy som tok ledelsen. Trond Paulsen var påpasselig framme og plukka opp eit svakt tilbakespel frå midtstopper Roy Vadset. Første avsluttning gikk i stolpen, men på returen hadde han berre å skyve ballen over streken.

Langevåg svarte med å utlikne rett etterpå. Eit frispark frå midtstreken gikk over heile Bergsøyforsvaret og til ein umarkert Hallgeir Austnes som tåa ballen inn bak Jonny Pettersen i Bergsøyburet. Med vinden i ryggen hadde no Langevåg eit overtak, og særlig døballane var farlige.

Begge lag kunne fått straffe i den første omgangen. Først da Trond Fylling ble felt i Bergsøy sitt målfelt, og deretter idet ein Langevåg forsvarer handsa klart i eige felt. Dommer Terje Olsen valgte å oversjå begge episodene.

Etter sidebytte hadde Bergsøy fordel av vinden, og stort sett kontroll på kampen. Det vart eit konstant press mot Langevåg, men uten dei mange sjansane. Eit kvarter før full tid kom scoringa. Fred Frantzen som før kampen fekk blomster for sine 300 kampar i Bergsøytrøya, krangla seg fri frå venstresida og fekk lagt inn til ein umarkert Frode Wilhelmsen som headda mot mål. Det endte opp med at Frode sette returen imål til 2-1.

På Bergsøy spelte Ivan Myklebust ein fin kamp på back plass, og elles dominerte Kjetil Goksøyr med sikkert sweeperspel. På midtbana kjempa Trond Paulsen godt, og Marvin Arnesen ser ut til å finne seg til rette i si hengande vingrole på venstrekanten.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER