Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Første tap mot Hareid siden 1964

Kampreferat 1984:

Hareid - Bergsøy 4-1 (3-1)



0-1 Fred Frantzen (17), 1-1 Tom Fredrikson (30), 2-1 Magnus Holstad (33), 3-1 Harald Rise, 4-1 Tom Fredriksen


22.08.1984



Terje Nakken




Martin Pettersen var BIL sin 5.keeper denne sesongen i denne kampen



Kampreferat

Sigeren til Hareid over Bergsøy var fullt fortjent, og det brenn no eit blått lys for Bergsøy når det gjeld å halde seg i divisjonen. Bergsøy åpna bra og med tette markeringar, og tok også ledelsen etter 17 minutter. Fred Frantzen mottok ballen på 16 meteren og trekte seg fri frå to motspelarar før han sette ballen lavt i hjørnet. Det var ei drømmeåpning for Bergsøy.

Så blei det verre. Markeringane blei slappare, og dei løpsvillige Hareidspelarane fekk meir rom å boltre seg i. Utlikninga hang i lufta, og etter halvtimen plukka Tom Fredrikson opp eit svakt utspel frå keeper og hadde enkel vei mot mål og 1-1.

Hareid fekk så ei sterk periode, og Magnus Holstad fekk kjempetreff frå 16 meter til å gi Hareid 2-1. Denne perioden var Bergsøy nærmast som lamma, og det utnytta Harald Rise til å springe gjennom og øke til 3-1. Dette målet lukta imidlertid sterkt offside.

Sjølv om Hareid leda 3-1 til pause var det håp om at Bergsøy kunne komme tilbake, og det såg bra ut idet Trond Paulsen scåra like etter sidebytte. Utrulig nok annulerte dommaren Terje Nakken scoringa for offside. I staden gikk Hareid rett i angrep og auka til 4-1 etter klabba og babb i feltet, og Tom Fredrikson var sist på ballen.

Einaste på Bergsøy som får godkjent er Ivan Myklebust og Frode Wilhelmsen som hele tiden prøvde å få med seg lagkameratane. På Hareid var geir Holstad eneren og spissduo Fredrikson og Stranda var gode. Elles er vi forundra over at Bergsøy stilte med faste knottar på eit såpeglatt underlag.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER