Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Nytt tap for Bergsøy

Kampreferat 1984:

Skarbøvik - Bergsøy 2-0 (1-0)



1-0 Roger Holand (41), 2-0 Kjell Einar Haugen (90)


09.09.1984



Arild Ødegaard




Rolv bakke sendt til sjukehus



Kampreferat

Kampen mot SIF blei som venta ein tøff kamp, og verre blei det da Fred Frantzen blei utvist samtidig som Rolv Bakke blei sendt til sjukehus etter ei hard tackling.

Bergsøy kom godt igang, og i dei første 10 minutta pressa Bergsøy hardt for mål og hadde lovande pasningsspel. Etter kvart tok SIF kommandoen, og pressa Bergsøy bakover ressigert av gode Lasse Bjerknes. Bjerknes såg ut til å trivast på det glatte underlaget.

Største sjansen fekk SIF da Roger Holand runda keeper Martin Pettersen, men på målstreken sto Gullik Kjelstadli og headda ballen over mål. Etter 41 minutter bomma derimot ikkje Holand idet han dro seg fri på 16 meteren og fekk stjernetreff. Keeper kunne ikkje rekke å løfte ein finger på det skotet.

Bergsøy kom bedre med etter pausen, men kom ikkje til dei store sjansane. farligaste sjansen hadde Kjetil Goksøyr da han sende av gårde eit frispark frå 18 meter som small i tverrleggaren. Kampen sto og vippa, men i slutten av kampen skjedde da dei uheldige episodene som tok mykje av piffen til Bergsøy. Rolv Bakke blei sendt til Åse Sjukehus etter den harde tacklinga, og det er vel tvilsomt om det blir meir fotball på han denne sesongen. Like etter kom det røde kortet til Fred Frantzen som blei framprovosert av SIF sin spelar, og dette utnytta heimelaget til å øke til 2-0 like etterpå.

Berre keeper Martin Pettersen, Kjetil Goksøyr og Rolv Bakke kom opp på normalt nivå. Framover var det mykje pusling og lite tyngde.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER