0-1 Trond Zwedieroff (32), 0-2 Petter Rasmussen (50), 1-2 Trond Paulsen (83)
06.05.1984 - Bergsøy Stadion
J. Myklebust
Kampreferat
Etter stortapet mot Ålesund i sesongens første kamp, var det håpa at Bergsøy skulle revansjere seg på heimebane mot Sandviken.
Det blei slett ikkje slik som Bergsøy og heimepublikummet hadde håpa på.Eit ufyselig vær, ei blaut bane og ein dårlig start på sesongen vart fasiten.
Bergsøy kom imidlertid godt igang og fekk initiativet i kampen, og Gullik Kjellstadli headda over ein farlig corner etter omlag sju minutters spel.
Etter 18 minutter var Arthur Almestad nære etter eit raid, der innlegget traff i stolpen på utsida. Det nærmaste Bergsøy skulle kome var på nok ein corner med Gullik Kjelstadli i spissen, men ein Sandviken forsvarer sto på målstreken og fekk avklara.
Sandviken kom meir og meir med i kampen, og at dei ikkje fekk mål tidligare enn dei gjorde må nok Kjetil Goksøyr ha endel av æra av.
Rolv Bakke avklarerte også ein farlig sjanse. Men Bergsøy var fortsatt farlige, og Gullik var den farligaste for Bergsøy offansivt idet han headda like over tverrleggaren.
Det var Sandviken som derimot skulle få det første målet etter eit veggspel der Trond Zwedieroff so umarkert og satte ballen fint imål.
Bergsøy vakna litt av dette, og Trond Paulsen var nære på å utlikne, men skotet blei for laust for den gode målvakta.
Sandviken kom best i gang etter pausen, og økte ledelsen tidlig til 2-0. Målet kom etter eit innlegg som keeper feilberegna, og Petter Rasmussen hadde ingen problemer med å sette ballen i det åpne målet.
Snart fikk Bergsøy en skade som gjorde at laget måtte spele vidare med 10 mann, og merkelig nok var det dette som måtte til for at Bergsøy skulle dominere resten av kampen. Sandviken blei pressa meir og meir tilbake og hadde nok med å forsvare seg.
Sju minutter før full tid kom reduseringa. Ivan Myklebust fekk rom på venstre side og la inn foran mål der Trond Paulsen sende ivei et skot som keeper var sjanselaus på.
tiltross for flere gode forsøk av Trond Paulsen og Ivan Myklebust ebba kampen ut med 1-2 tap. Bergsøy sitt store problem var avsluttningane, og det å vri angrepa.
Best på Bergsøy var Kjetil Goksøyr. Pluss også til Frode Wilhelmsen.
Vedlegg til kampen
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt