Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Poeng, men fortsatt mot nedrykk

Kampreferat 1984:

Halsnøy - Bergsøy 2-2 (0-0)



Nils Roger Paulsen (64), Tonny Pettersen (89)


23.09.1984


Henning Solem (Bergsøy), Arvid Normann (Halsnøy)


Bjarne Staveland



500 tillskuere


Halsnøy sitt lag: Tor Kaldråstøyl, Jarle Eide, Halvor Øvrevik, Arvid Normann, Johnny Eide, Idar Øvrevik, Karl Fredrik Sande, Bjørn Helge Anuglen, Sigve Fjellberg, John Sjø, Kjell Inge Hansen



Kampreferat

Bergsøy kjempa seg til poeng i den tredje siste seriekampen, men også dei andre botnlaga kjempa seg overraskande til poeng - noko som betyr at Bergsøy fortsatt er under nedrykksstreken.

Det var eit nervøst Bergsøylag som stilte opp på Halsnøy sitt nye baneanlegg, men den første omgangen klarte dei å ro iland uten baklengs. Begge lag hadde muligheter, men ingen lag klarte å utnytte dei.

Etter pausen fekk Bergsøy seg ein kalddusj idet heimelaget scora to mål i løpet av 90 sekunder på keeper Martin Pettersen, og dei fleste tenkte at kampen no var avgjort. Arvid Normann var involvert i begge scoringane. Det første målet signert Karl Fredrik Sande og det andre målet satt inn av Bjørn Helge Anuglen. Normann slo ein lang poler frem på det første målet, og etter litt headdingar og sleivspark ende ballen hos Karl Fredrik som sto udekka foran mål. Etter 70 minutt såg heimelaget for seg eit tredje mål også, men skotet strauk på utsida av stolpen.

Men Bergsøy kjempa godt tilbake og fekk initiativet, og eit kvarter før full tid reduserte Bergsøy idet Nils Roger Paulsen headda inn eit innlegg fra Lloyd Kleppe. Dette skapte usikkerhet i heimelaget. Heimelaget fekk litt skikk på det etter eit taktisk bytte, og Idar Øvrevik blei spelt igjennom til å avgjere kampen. Fellinga som kom var det fleire som meinte kvalifiserte til straffe.

Halsnøy har til gode å vinne på si nye grasbane på Søbervik, men var berre minuttet unna alle poenga i denne kampen. Like før full tid fekk innbytter Tony Pettersen dreis på volley som fauk i nettet, og dermed ein fortjent utlikning. Frå heimelaget si side meinte dei det var eit skikkelig flaksemål. Tony sto med ryggen mot mål og bakoversparket gikk i ein boge over den utrusande keeperen Tor Kaldråstøyl. Ballen gikk inn på undersida av tverrleggaren og inn til 2-2.

Bergsøy hadde også inne eit tredje mål ved Marvin Arnesen, men dette blei annulert for hands. Særlig det siste kvarteret kjempa Bergsøy bra og hadde heimelaget på gyngande grunn. Martin Pettersen sto bra imål, Lloyd Kleppe god i forsvar og Trond Paulsen hadde ein god kamp.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER