Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Framgang for Bergsøy i Ørsta

Kampreferat 1984:

Ørsta - Bergsøy 2-2 (1-1)



Henning Solem, Trond Paulsen


27.05.1984








Kampreferat

Bergsøy ligg framleis på sisteplassen i divisjonen, men avstanden er ikkje så avskrekkande oppover etter eit godt tilkjempa poeng borte mot Ørsta. Denne kampen var ein typisk bikkekamp som kunne gått begge vegar, men slik det utvikla seg var det ingenting å seie på 2-2 og poengdeling.

Ørsta gikk ut i stort tempo og fekk tidlig initiativet, og Bergsøy såg ut til å være prega av nærvar. Likevel var det sjeldant farlig foran Bergsøymålet før Jarl Remøy hadde eit tigerbyks på ei avsluttning av Einar Myrold. Det første målet i kampen kom etter 20 minutt, og det var eit skot av Karl Alsaker som skifta retning, og dermed hadde ikkje Bergsøykeeperen mulighet til å hindre baklengs.
2-3 minutt etter at Ørsta tok ledelsen blei det slått eit langt frispark inni Ørsta sitt målfelt som Frode Wilhelmsen sende vidare til Henning Solem som sette sikkert i nettet. Dermed 1-1.

Ørsta skulle etter utlikninga ha ei kanonade mot Bergsøy sitt mål, men ballen gikk aldri over streken. Derimot viste Bergsøy større effektivitet da Frode Wilhelmsen kom seg fri på 16 meteren og sende ei overraskande skot utanfor keeper Lianes sin rekkevidde. Scåringa blei svært tvilsomt annulert for offside. Alt i alt hadde det vært ufortjent om Bergsøy skulle gå til pause med ledelse.

Bergsøy kom lengre fram i bana etter pausen, og særlig blei det farlig idet laget kom frammover på sidene. Fred Frantzen var nære på å gi Bergsøy ledelsen etter å ha kome seg fri inne i feltet, men skotet small i stolpen. Kort tid etter skulle likevel Bergsøy få sitt ledermål. Frode Wilhelmsen blei lagt ned like utanfor 16meteren og tok frisparket sjølv, og dette la han presist på hovudet til Trond Paulsen som vakkert headda inn 1-2.

20 minutt før full tid blei det klart for 2-2 etter at Jarl Remøy ikkje nådde skikkelig fram på eit innlegg i feltet, og i mølja som oppsto fekk Henning Austnes stå umarkert og heade ballen i det åpne målet.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER